Vandring for forandring: John Olav Svanajord (t.h.) er ein av dei som har opplevd at ein kan vandre sorga mindre ved å bli med på pilegrimsferd. – Det er nesten litt elgjaktaktig, berre at det er rom for dei alvorlege tinga også.

– Å ta sitt eige liv er eit av våre siste tabu

Det seier prostidiakon Eilev Erikstein. Til hausten inviterer han igjen menn med til å vandre sorga mindre.

– Ei pilegrimsvandring handlar om å legge frå seg det som tynger. Om det skjer på ei slik vandring kan ein berre vone. Men det er og sikkert at det er god von i å dele tankar med kvarandre.

Etterlatne menn kan vera ei ekstra sårbar gruppe, og i fleire år har ein derfor invitert menn som har mista nokon av sine kjære ved sjølvmord til ei eiga pilegrimsvandring over Haukelifjell til Røldal.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Prosjektet er kalla «Vandring for forandring», og handlar om gå med andre som har likande røynsler. Fysisk aktivitet og gode samtaler undervegs kan vera med på å lindre sorga, forklarar Erikstein.

Vandringa vil gå føre seg i september, og er eit samarbeid mellom RVTS Sør, Agder og Telemark bispedøme, LEVE Vestfold, Øvre Telemark prosti og Prostidiakonen.

Les også
John Olav har lært at vonde kjensler etter sjølvmord ikkje skal feiast under teppet