93 kilometer i 50-sona

– Vest-Telemark: Ein vesttele i slutten av tenåra køyrde ein fredag i november i fjor i 93 kilometer i timen i ei 50-sone i Vinje.

Påtalemakta kom med forslag om ubetinga fengsel i 18 dagar, eller alternativt ei samfunnsstraff i 30 timar som måtte vere gjennomført innan 60 dagar.

Men den sikta samtykka ikkje til samfunnsstraff.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vesttelen vart difor dømt av Vest-Telemark tingrett til fengsel i 14 dagar i tillegg til å miste førarkortet i 10 månadar.