9.085 registrerte koronatilfelle i Noreg – opp 23

Det var ved midnatt registrert 9.085 tilfelle av koronasmitte i Noreg, viser førebelse tal frå Folkehelseinstituttet.

Dette er ein auke på 23 tilfelle siste døgn. Dei siste to dagane er auken på 32 tilfelle.

Tala er henta frå Meldingssystem for smittsame sjukdommar (MSIS) og viser ei førebels oversikt.

Artikkelen held fram under annonsen.

I alt tre personar får behandling på sjukehus for covid-19-sjukdom. Det var torsdag registrert 255 døde som følgje av sjukdommen.

(©NPK)