Kunnskapsminister Guri Melby vil at fleire elevar skal gjennomføre vidaregåande skule. 800 millionar kroner blir sett av i statsbudsjettet for å kunne nå målet. Foto: Terje Pedersen / NTB / NPK

800 millionar blir sett av for at fleire skal fullføre VGS

Fullføringsreforma har som mål at fleire skal fullføre vidaregåande opplæring. I statsbudsjettet blir det foreslått 800 millionar kroner til prosjektet.

– Vi veit at mange utan fagbrev eller vitnemål slit med å få seg ein jobb. Derfor foreslår vi no å bruke 800 millionar kroner som skal gå til konkrete tiltak for å gjere vidaregåande betre tilpassa den enkelte eleven slik at fleire står og fullfører, seier kunnskapsminister Guri Melby (V) i ei pressemelding.

Tidlegare i år la regjeringa fram fullføringsreforma, den mest omfattande reforma av vidaregåande opplæring sidan 1990-talet. Ho tek sikte på at ni av ti elevar skal fullføre VGS.

Artikkelen held fram under annonsen.

Rundt éin av fem elevar som startar på VGS, lykkast ikkje med å fullføre opplæringa dei fem åra ein har på seg.

I overkant av 300 millionar kroner skal gå til at dei som har brukt opp retten sin, likevel skal kunne få moglegheita til å gjennomføre. Vaksne som ikkje har stått, vil òg kunne få moglegheita til å fullføre, ein rett som vil gjelde frå 2023.

– Regjeringa gir med dette eit tydeleg signal til alle, både ungdom og vaksne, at det offentlege skal leggje til rette for at alle skal kunne fullføre og stå i vidaregåande opplæring, seier Melby.

(©NPK)