Fyrste tropp som skal inn i Narvik er fra kp 3 feltbataljon V. Dei som er inne i vogna er ukjente for meg, min far Eivind Gardsteig står ute, skriv Anne Gardsteig Strømsmo.

«7 mai. Mandag. Tyskerne i Europa kapitulerer. Norge er fritt!»

Alle låg dei langflate over radioen og venta på å høyre at Tyskland kapitulera. Dei var ferdigutdanna soldatar, i feltbataljon I og feltbataljon V. No låg dei i Nord-Sverige og venta på å koma inn i Narvik. Eivind Gardsteig, min far tilhøyrde feltbataljon V, og var blant dei som venta utålmodig på å koma inn i heimlandet. Dei var klare for innsats slik den norske regjering hadde bestemt i 1943.

Februar 1943 utarbeidde Ola Svensen og Harry Sødermann ein plan for utdanning av 50 norske reservepoliti. 13 april 1943 godkjente den norske regjering i London planen for utdanninga. Planen var at Reservepolitiet (R.P.) skulle gå inn i vakthaldet i Norge, når tyskerane trekte seg ut.

Det vart utdanna totalt 14 700 norske reservepoliti i Sverige. Dei blir kalla politisoldater, polititroppane og reservepolitiet, både her og i anna litteratur.

Artikkelen held fram under annonsen.

Veterandagen for politisoldatar i Furudal 2016

Ifølge nålevande veteranar som eg og syster mi var så heldig å få møte på veterandagen i 2016, så var dette ingen politiutdanning, det var rein soldatutdanning.

«Vi var alle klar over at vi ikke ble utdannet som reservepoliti, men som vanlige soldater. Utdanningen måtte kamufleres da Sverige var nøytralt.» Dette fortalte ein av de sju attlevande veteranane og dei andre sanna med.

Rekruttert frå ungdommane som kom fra Norge til Sverige

Kvifor reiste så mange ungdommar fra Norge til Sverige? Me stilte spørsmålet til veteranane. Tenkte sjølvsagt mest på vår far, kvifor var han egentlig i polititroppane?

«Ungdom rømte til Sverige fordi dei vart beordra til Arbeidstjeneste og frykta at dei vart sendt til austfronten, eventuelt at dei hadde motarbeida tyskarane på ein eller annan måte. Mange studentar rømte og. Det blei totalt 40 000-50 000 nordmenn i Sverige til slutt. Alle var på flukt frå tyskarane.» fortel ein av veteranane.

Arbeidsteneste (A.T.)

Alle gutar i vernepliktig alder vart beordra til arbeidstjeneste (A.T.) av okkupasjonsmakta. I starten av 1944 fanga Heimefronten opp signal om at NS ville innkalle fem årsklasser av unge menn, for så å sende dei til fronten. Frykt for utskriving til krigsteneste ved austfronten, var nok grunnen til at Eivind rømte til Sverige og så kom med i R.P. meinte veteranane.

Flyktning nr. 338XX

Dette var ny informasjon som me hadde lyst til å få bekrefta. At vår far hadde vore flyktning var litt vanskelig å tru.

Me starta med å søke på nett og det viste seg at Eivind Gardsteig var registrert ved Den kongelige Norske Legasjons Flyktningkontor i Stockholm som flykning nr. 338XX.

Me fekk ut avhøyrsrapporten, og det var med spenning me las innhaldet. Eivind vart avhørt på Kjesæter 28. september 1944. Sitat frå avhøyret lyder slik:

Artikkelen held fram under annonsen.

«Avhørte var utskrevet (registrert) til A.T. Tjeneste. For å unngå å melde seg til denne tjenesten forlot han landet. Han var dessuten mistenkt for å være i besittelse av ammunisjon som han hadde gjemt på forskjellige steder på sitt hjemsted.»

Politisoldatutdanningen

Politisoldatane i bataljon V gjennomførte soldatutdanninga i Øreryd og Mälsåker. Det var fleire bataljonar med politisoldatar og mange fleire utdanningleirar i Sverige. Eg tar for meg bataljon V fordi far var i den bataljonen. Bataljon V dela fleire oppdrag med spesielt bataljon I og bataljon II, derfor blir båe bataljonane omtala ved enkelte anledningar. Soldatutdanninga vart avslutta med ei stor øving i Dalarna fra 1. til 10. desember 1944. I november 1944 vart det bestemt at bataljon I og II og bataljon V skulle bli gjort klar for innsetting i kampen om Norge sin frigjering. Det var dei bataljonane som hadde lengst utdanning med tunge våpen. Det viste seg at bataljon V kom til Mälsåker på eit heldig tidspunkt. Samme månad kom mykje materiell til leiren, såvel personleg utrustning, som kjerrer og kjerreutstyr, bilar og motorsyklar. Geverkompania bytta ut sine Mausergevær med moderne automatvåpen.

10. januar kom forsvarsminister Oskar Torp på besøk. Kvelden etter kom det ordre om avreise nordover 17. januar.

Ordre om avreise nordover 17. januar

«Vi er på veien hjem» song dei, og følte seg tryggare på det no, enn nokon gong før. Bataljonane kom til Övretorneå, med tog 20. januar 1945. Frå stasjonen til Armasjërvi leir gjekk dei på ski. Forlegningen i Armasjërvi var bra utstyrt. I Armasjërvi vart det lagt vekt på detaljeøvingar for den enkelte, så tropp og kompani. Det gikk meir og meir opp for dei kor umåteleg vanskeleg vinterkrig var. Det var ikkje bare fienden som var farlig, kulda var vel så farlig. Temperaturen i denne perioden var på minus 30 til minus 35 grader. Ein nedkjølt soldat, kan bli ein hemsko for avdelinga si. Men hest og soldatar klara seg etterkvart godt i snøholer med kun kroppsvarme som oppvarming. Pelsar og varm drikke vart lagt vekt på.

Denne perioden fortalte far ein del om, spesielt kor kaldt det var og kva dei åt. Det gikk stort sett på klaka brød. Same mat til soldat og hest. Når me klaga på middagen mor laga, så drog far «finnmarkskortet» Eg har alltid kalla det finnmarkskortet, det er sjølvsagt litt upresist, det skjønnar eg no.

For å teste bataljonens form beordra bataljonsjefen ein dag til ein 70 kilometers utmarsj med full utrustning. Kompanivis, trass dårleg føre vart marsjen gjennomført, utan fråfall og på rimeleg tid.

Dei andre bataljonane var sendt til andre område nordover, medan bataljon V vart liggande i Armasjervi.

Omsider kjem ordren bataljon V venta på

Endelig vart det bataljon V sin tur til å få oppdrag. Ordren vart gjeven til kp 3, som bataljonen sitt første oppsette kompani. Eivind var i kp 3 og i høg stemning og strålande vårver fór dei avstad 9. april, i leigde bussar og lastebilar. Bataljonen såg ikkje kp 3 igjen før dei kom til Narvik.

Artikkelen held fram under annonsen.

Oppdraget var å halde vegen mellom Kautokeino og Kutainen open. For fyrste gong følte dei at dei utførte eit positivt og nyttig arbeid.

Det gjekk rykte om at Tyskland hadde kapitulera i Europa

7. mai kom, soldatane låg langflate over radioen og lytta, og visste med sikkerhet, at no var heimturen i gang. Det gjekk rykte om at Tyskland hadde kapitulera i Europa. Soldatane var klar for å gjera sin innsats for fedrelandet, etter lang tid i utlandet. Hadde dei visst kva oppdrag dei fekk i heimlandet, hadde dei kanskje ikkje vore så utolmodige.

Frå dagboka ein soldat med flykningnr. 230XXX står det:

«7 mai. Mandag. Tyskerne i Europa kapitulerer. Norge er fritt! Hurrarop og stor stemning.

Apell av gruppe B med tale av oberstløyntnant Bryn. I Gällivarre i kveld, fest i Malmberget.»

«8 mai. Gjør klar til avreise. Vi skal til Narvik. Fint vær med sol.

To turer til Gällivarre og handler litt. Rykte om avreise i natt eller i morgen tidlig.»

« 9. mai. Onsdag. Brytning av leir kl. 00.30. Avmarsj fra Övretorneå stasjon. I vår vogn var det 31 menn, det var trangt. Avreise kl. 05.30, litt kjølig. Klokken passerte 09.00, vi blir her fortsatt for å vente på resultatet av forhandlingene med tyskerne.»

Artikkelen held fram under annonsen.

Dei 130 000 tyskerne i Nord-Norge, hadde lien lyst til å kapitulere for to (svenske)bataljoner

«Toget gikk vidare til Vassijaure, der vart vi ståande, bare minuttar fra grensa. Flaggpryda lokomotiv kom for å hente oss.»

I Feltbataljon V og dens saga, seier politisoldatane dette om turen inn til Narvik, som dei kallar heimturen.

«Vi ble lastet inn på toget i Kiruna, så bar det hjemover. I Abisko ble det et døgns stans. Vårt tog ble koblet til det toget som zone-commander, oberst Munte Kaas og hans stab kom med. Grunnen til oppholdet var at general Jodl slett ikke var enig med seg selv om han ville slippe oss inn. De 130 000 tyskerne i Nord-Norge hadde liten lyst til å kapitulere for to (svenske) bataljoner.»

Kommandanten i Narvik svara slik på telefonførespurnaden om alt var klart for innmarsj:

«Kommer de, skyter jeg» Dei venta derfor med å gå inn i Narvik, til neste dag.

«Dagboka 10. mai torsdag. Venter fortsatt. Endelig avreise kl. 13.40 og passerte grensen 13.45. Endelig i Norge, og nå for godt. Tyskerne sto tett ved grensen, de sto stive og foretok seg ingenting. Mye folk, stor begeistring, vi får ut av toget etterhvert og håndhilser. Russerne er dårlig kledd, men ser bra ut ellers. Lett regn i kveld. Russerne litt påseila. Tyskerne kjører motorsykler og bil i gatene - med våpen.»

Kom politisoldatar inn i Narvik 8 mai?

Bilde med tyskerane på motorsykkel har Eivind datert 9. mai 1945, kanskje feil dato? eller kom dei fyrste politisoldatane til Narvik 8 mai? Veteran Helge Lien fra feltbataljon I, meiner bestemt at han kom til Narvik 8. mai. Han kom inn i Narvik i ope tog, med våpen. I såfall støttar det datoen far har sett på bilde, der tysk ordenspoliti patruljerar gata i Narvik.

Feltbataljon V og dens saga: «Formalitetene ble brakt i orden og 10. mai krysset vi grensen i norsk lokomotiv og med norsk togbetjening. Det ble en eiendommelig dag. Taket om maskinpistolen ble sikkert fastere hos mange, ved synet av de første forhatte tyske uniformene. Og det var nok ikke mange som ikke hadde en klump i halsen da den samlede befolkning, på den første lille norske stasjonen vi stoppet ved, sang Ja vi elsker, og viftet med alt som var å oppdrive av det norske flagg. Øyeblikket da den stolte tyske kommandant i Narvik, overga byen til oberst Munthe Kaas, er heller ikke av øyeblikk man glemmer. Hornmusikk, jubel og flagg overalt. Først nå gikk det riktig opp for oss at vår utlendighet var slutt, - vi var hjemme igjen.»

Artikkelen held fram under annonsen.

18. mai 1945, fekk bataljon V oppdraget sitt

Det var eit svært krevjande arbeid som venta R.P. i nord. Det var ca 40 000 krigsfangar i område, dei var russiske, polske, franske og jugoslaviske. I tillegg var det framleis 130 000 tyskarar i same område. Og det var kun 5000 soldatar til vaktoppdrag. 2000 soldater fra Sverige (R.P.), 2000 menn frå mil.org. og 1000 menn fra Skottland. At 5000 menn skal ha ansvar for 170 000 personar i forskjellige situasjonar, høyrast ikkje enkelt ut.

18. mai starta arbeidet for alvor, og bataljonen fekk oppdraget sitt. Vakthaldet ved oppgravinga og obduksjonen av dei russiske krigsfangane som vart sulta i hel eller skotne «dødsleiren» i Kitdal var nok ein av dei vanskelegaste oppgåvene, og kanskje ein av grunnane til at Eivind aldri snakka om krigen til oss ungane.

Ei anna spesiell oppgåve var vakthaldet over landssvikarane på «Sydspissen». Vakthaldet ved «Strimmelen» militærarresten var og kp 3 sitt oppdrag. Men korleis desse oppdraga blei gjennomført er ei eiga historie. I slutten av oktober kom dimisjonsordren. Feltbataljon V vart trekt inn frå alle vaktoppdrag omkring 15. november 1945. Kompanivis og i puljer vart gutane sendt kvart til sitt. Det var ikkje alle gutane i bataljon V som kom heim. To omkom i ei mineulykke, ein omkom i ei sprengingsulykke og ein drukna.

Teksten er skrive av Anne Gardsteig Strømsmo, opphaveleg frå Arabygdi, nå busett i Bardu.

Kjelder: «Feltbataljon V og dens saga» minneskrivet bataljon V gav ut i 1946, dagboka til flyktning nr 230xxx frå feltbataljon I. Foto Eivind Gardsteig

redaksjon@vtb.no