Permitterte vart lova dagpengar innen slutten av juli, men framleis har 67.000 ikkje fått behandla dagpengesøknadene sine. Illustrasjonsfoto: Gorm Kallestad / NTB scanpix / NPK

67.000 ventar framleis på dagpengar

Permitterte vart lova dagpengar innan slutten av juli, men framleis har 67.000 ikkje fått behandla dagpengesøknadene sine.

I alt 438.000 personar har søkt dagpengar under koronakrisa, og dei fleste søkte i mars og april. Fordi mange søkte om dagpengar på kort tid, tek det lang tid for Nav å behandle desse søknadene, skriv Klassekampen.

«Alle søknader må behandles manuelt, regelverket er komplekst, og endringer måtte iverksettes i IT-systemene våre før saksbehandlingen kunne starte», skriv Ellen Christensen, direktør for Arbeid og ytingar i Nav, i ein e-post til avisa.

Artikkelen held fram under annonsen.

Arbeidsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) sa i vår at alle dagpengane skulle vere utbetalt innan slutten av juli, men framleis ventar mange på utbetalinga.

Nav bruker òg lengre tid på dagpengesøknader frå polske arbeidsinnvandrarar enn andre permitterte tilsette, viser ei undersøking utført for Fellesforbundet i juni.

Berre 32 prosent av dei polske medlemmene hadde fått pengar frå Nav, medan talet for resten av medlemmene var på 85 prosent.

(©NPK)