Bilar ventar i kø for å vise passet på veg tilbake over grensa til Norge frå Sverige i slutten av juli.Foto: Annika Byrde / NTB scanpix / NPK

56 prosent meiner det var ein tabbe å opne grensene

Over halvparten av dei spurde i ei meiningsmåling gjennomført av InFact, meiner det var feil å opne grensene i midten av juli. Berre 26 prosent støttar opninga.

Meiningsmålinga er utført på vegner av Nordlys, Avisa Nordland, BA, Nidaros og iFinnmark. Eit landsomfattande utval er stilt dette spørsmålet: «Kva synest du om at norske styresmakter opna grensene ut mot Europa 15. juli?".

På dette svarer 56,4 prosent at det var ein tabbe. Fleire kvinner enn menn meiner opninga var eit feilgrep.

Artikkelen held fram under annonsen.

Berre 26,5 prosent meiner det var riktig å opne grensene, medan 17,1 prosent svarer veit ikkje. Aldersgruppa 30–44 år skil seg ut med 65,5 prosent som meiner det var feil å opne grensene, medan aldersgruppa over 65 år er mest positive til vurderinga som vart gjort.

Noreg har framleis ikkje opna grensene for reisande frå alle europeiske land. Lista over kva land som er såkalla raude, altså at dei gir karanteneplikt ved innreise til Noreg, blir jamleg oppdatert.

(©NPK)