51 nye koronasmitta siste døgn

Det er registrert 51 nye tilfelle av koronasmitte i Noreg ved midnatt natt til onsdag, viser førebelse tal frå Folkehelseinstituttet (FHI).

Auken er på nivå med dei førre dagane. Sidan måndag er det registrert 146 nye smittetilfelle.

Tala er henta frå Meldingssystem for smittsame sjukdommar (MSIS) og viser ei førebels oversikt.

Artikkelen held fram under annonsen.

I alt 10.111 personar har sidan februar fått påvist smitte av koronaviruset. Om lag 95 prosent er friskmelde, ifølgje FHI.

Til saman tolv personar var tysdag innlagde på sjukehus med påvist koronavirus. Det er to færre enn dagen før, viser tal frå Helsedirektoratet. Éin av pasientane får behandling i respirator.

FHI har registrert 262 koronarelaterte dødsfall her i landet.

(©NPK)