118.767 personar hadde testa positivt fram til starten av juni i år. No er talet 134.339. Foto: Ole Berg-Rusten / NTB / NPK

45 prosent av koronapositive var fødde i utlandet eller har utanlandske foreldre

Rundt 45 prosent av dei som har testa positivt på covid-19, var fødde i utlandet eller hadde utanlandsfødde foreldre, ifølgje tal Aftenposten har fått.

Det er Folkehelseinstituttet (FH) som har gitt avisa tilgang til ei oversikt frå starten av pandemien i februar i fjor til starten av juni i år.

Av 118.767 som testa positivt for covid-19 her i landet, var 53.615 fødde i utlandet eller hadde utanlandsfødde foreldre, grupper som utgjer rundt 20 prosent av befolkninga.

Artikkelen held fram under annonsen.

For sjukehusinnlagde med covid-19 er tendensen liknande. 2.454 av 5.449 av dei var fødde i utlandet eller hadde utanlandsfødde foreldre.

Ifølgje FHI kan overrepresentasjonen i vesentleg grad ikkje forklarast med forskjellar i yrke, det å bu trongt, medisinske risikogrupper, utdanning eller hushaldsinntekt kvar for seg, men faktorane samla har ei viss betydning.

FHI trekkjer samtidig fram mellom anna språkbarrierar og lågare tillit til styresmaktene som moglege årsaker, i tillegg til reiser til utlandet.

(©NPK)