I byrjinga av juli var det 3.045 innsette i norske fengsel.Foto: Beate Oma Dahle / NTB / NPK

325 dømde ventar på å sone

I byrjinga av juli var det 3.045 innsette i norske fengsel, og belegget i fengsla var dermed på 84,2 prosent. 325 personar stod i soningskø.

159 av dei innsette var kvinner, noko som utgjorde 5,2 prosent, viser tal frå Kriminalomsorgen.

751 innsette, tilsvarande 25 prosent, var utanlandske statsborgarar. Blant dei forvaringsdømde var det 150 menn og åtte kvinner.

Artikkelen held fram under annonsen.

Soningskøen har gått ned frå 369 personar førre månad. 22 av dei som ventar på soning, skal sone med fotlenkje.

Blant dei som sonar såkalla straff i samfunnet, altså ikkje i eit fengsel, sonar dei fleste med fotlenkje, etterfølgd av samfunnsstraff.

(©NPK)