Illustrasjonsfoto: Ole Berg-Rusten / NTB scanpix / NPK

32 nye koronasmitta siste døgn

Det er registrert 32 nye tilfelle av koronasmitte i Noreg ved midnatt natt til torsdag, viser førebelse tal frå Folkehelseinstituttet (FHI).

Auken er litt mindre enn han har vore dei siste dagane. Onsdag auka smittetalet med 67 nye tilfelle og tysdag med 49 nye tilfelle. Tala er henta frå Meldingssystemet for smittsame sjukdommar (MSIS).

I alt har 9.783 nordmenn testa positivt for koronaviruset. Om lag 95 prosent er friskmelde, ifølgje FHI.

Til saman 15 personar var torsdag innlagde på sjukehus med påvist koronavirus. Det er like mange som onsdag, viser tal frå Helsedirektoratet. Av dei 15 som er innlagde, ligg 2 pasientar i respirator.

FHI har registrert 256 koronarelaterte dødsfall her i landet.

(©NPK)