3.693.741 nordmenn har fått første dose med koronavaksine

3.693.741 personar er vaksinerte med første dose av koronavaksine i Noreg, viser FHIs statistikk fredag. 1.930.208 personar har fått andre dose.

68,5 prosent av befolkninga har dermed fått første dose, medan 35,8 prosent av befolkninga er fullvaksinerte.

Artikkelen held fram under annonsen.

For befolkninga over 18 år er talet høvesvis 86,3 og 45,1 prosent.

Førebels har FHI registrert at 32.141 personar fekk første dose torsdag, og 44.694 personar fekk andre dose.

Dei som har gitt første dose til størst del av befolkninga over 18 år, er Viken (88,3 prosent) og Vestfold og Telemark (87,8 prosent). Lågast del er i Troms og Finnmark (81,9 prosent) og Nordland (83,5 prosent). For andre dose ligg fylka Agder (49,4 prosent) og Innlandet (47 prosent) best an.

Pfizer og Biontech produserte den første koronavaksinen brukt i Noreg, og første dose vart sett 27. desember 2020. 15. januar vart første dose av Moderna-vaksinen sett, og 7. februar vart AstraZeneca-vaksinen teken i bruk. 11. mars vart AstraZeneca sett på pause, før regjeringa 12. mai kunngjorde at han blir teken ut av vaksinasjonsprogrammet på grunn av alvorlege blodpropptilfelle. Janssen-vaksinen frå produsenten Johnson & Johnson er også teke ut av det norske vaksineprogrammet etter meldingar om alvorlege biverknader. Det er opna for at han kan givast til frivillige når strenge helsemessige kriterium er oppfylte.

Det kan vere forseinkingar i registrering av vaksinasjon som fører til at tala endrar seg over tid.

(©NPK)