Koronakart 30. desember

21 er no stadfesta smitta i Vinje

Fem av 67 prøvesvar er positive. Eitt smittetilfella er frå ei anna smittekjelde enn dei tidlegare tilfella. Kommunen har oversyn og kontroll over situasjonen, melder ordføraren.

– 21 personar busett i Vinje er stadfesta smitta. I tillegg er det ein person som er på ei hytte i Vinje kommne som er stadfesta smitta. Personen på hytta blir fylgt opp av Skien kommune, opplyser ordførar Jon Rikard Kleven på Facebook.

Kommunen fekk svar på 67 prøver tysdag kveld. Fem var positive, medan 62 var negative.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Tre av dei fem positive prøvene er i den same smittekjelda som tidlegare, og var forventa positive. Ein av dei positive prøvene er ikkje i den same smittekjelda som tidlegare, men er knytt til ein tilreisande som har vore i eit joleselskap i Vinje, skriv Kleven.

– Med 62 negative prøver har me fått mange svar, og har oversyn over situasjonen, skriv ordføraren vidare.

Han opplyser også om at kommunen truleg vil få 15 dosar per veke i starten av vaksineutrullinga, og at dei 15 fyrste dosane vil koma i veke ein.