20 000 til Vest-Telemark i kartonglotteri

Ei kvinne frå Fyresdal og ein mann frå Kviteseid kan notere seg for 10 000 kroner ekstra på kontoen då begge er trekt ut som vinnarar i fjorårets returkartonglotteri.

Grønt Punkt Norge står ansvarleg for lotteriet som årleg deler ut 1,6 millionar kroner til vinnarar over heile landet. Loddet du kan vinne på lagar du rett og slett sjølv, ved å skylje og brette ein drikkekartong, skrive namn og telefonnummer på, for deretter å levere «loddet» i den lokale returordninga, forklarer administrerande direktør i Grønt Punkt Norge, Jaana Røine, i ei pressemelding.

Gratislotteri

Returkartonglotteriet er gratis og delta i og har eksistert sidan 1997. Føremålet med lotteriet er å stimulere til meir resirkulering av drikkekartongar. Materialane i ein drikkekartong kan gjenvinnast opptil sju gonger og produksjon av papir frå returfiber brukar i tillegg berre ein fjerdel av energiforbruket samanlikna med produksjon frå nytt trevirke. Så ein kan trygt slå fast at dette er eit lite, men viktig miljøtiltak.

Blant vinnarane i 2019 som kan identifiserast på kjønn er det 60 kvinner og 30 menn. Dette følger ein trend frå tidlegare år med ein klar overvekt av kvinnelege vinnarar.

– Me veit at kvinner jamt over er litt flinkare med resirkulering enn kva menn er, men det forklarar ikkje heile forskjellen. Me håpar uansett å få med fleire menn i lotteriet i 2020, seier Røine.

Slik blir du med i lotteriet i 2020:

Skyl drikkekartongen

Brett kartongen

For å kunne vinne 100 000 kroner må du stappe seks kartongar ned i ein tom kartong. Leverer du flate enkeltkartongar, kan du vinne 10 000 kroner. Valet er ditt.

Skriv eige namn eller namn på den personen eller foreininga/organisasjon du vil skal vinne. Hugs telefonnummer.

Er du i tvil om korleis kildesortere i din kommune, sjå www.sortere.no

SKYL, BRETT, VINN: Sidan 1997 har ivrige kartongbrettarar delteke i kartonglotteriet. Foto: Johnny Syversen