13 pasientar med koronavirus innlagde på norske sjukehus

Fredag blir 13 pasientar behandla med koronavirus på norske sjukehus. Det er ein auke på to frå torsdag.

Ingen pasientar får respiratorbehandling, noko som er uendra frå onsdag og torsdag, viser tal frå Helsedirektoratet.

Åtte av pasientane er innlagde i Helse sør-aust, og to i både Helse nord og Helse vest. Ein pasient er innlagd i Helse Midt-Noreg.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det var ved midnatt natt til fredag registrert 35 nye tilfelle av koronasmitte i Noreg. I alt 10.197 personar har sidan februar fått påvist smitte av koronaviruset, ifølgje førebelse tal frå Folkehelseinstituttet (FHI).

(©NPK)