Rune Hagen frå Knarren løypelag fekk tildelt gåva på 100 000 kroner frå Bergit Li i Gjensidigestiftinga.
Rune Hagen frå Knarren løypelag fekk tildelt gåva på 100 000 kroner frå Bergit Li i Gjensidigestiftinga.

100 000 til ljosløype

– Me er utruleg takksame for støtta, nå kan folk bruke langrennsløypa endå meir på den snørike Fjågesundheia, takkar Rune Hagen frå Knarren løypelag.

Kviteseid

Det var store smil og mykje glede hos idrettslaga og dugnadskarane som driftar og køyrer løypa Knarren Rundt då Bergit Lie frå Gjensidigestiftinga kunne melde at dei hadde fått 100 000 kroner i støtte til ljossetting av langrennsløypa slik løypelaget søkte om.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Målet med å ljossetje delar av skiløypa på Fjågesundheia er å stimulere til auka aktivitet i løypene. Det er endå lettare å kome seg ut i løypa i mørket om det er ljos, seier Rune Hagen frå Knarren løypelag.

Langrennsløypa som ligg på kommunegrensa mellom Kviteseid, Drangedal og Nome blir halden open gjennom heile vinteren som eit samarbeid mellom idrettslaget IL Tørn i Tørdal og Fjågesund IL.

– Fjågesundheia er eit skikkeleg snøhol. Er det lite snø nedomkring er det gjerne mykje på heia der me køyrer den 11 kilometer lange rundløypa som ligg om lag 500 meter over havet, seier Hagen.

På heia mellom Tørdal og Fjågesund finn ein rundløypa Knarren som strekkjer seg innom dei tre kommunane Kviteseid, Drangedal og Nome. I vinter kan ein også gå 1200 meter av løypa ljossett.
På heia mellom Tørdal og Fjågesund finn ein rundløypa Knarren som strekkjer seg innom dei tre kommunane Kviteseid, Drangedal og Nome. I vinter kan ein også gå 1200 meter av løypa ljossett.

Her kan du sjå når langrennsløypene er køyrd opp.

Betre lagt til rette

Løypelaget starta arbeidet med å legge til rette for auka aktivitet av langrennsløypa i fjor, og sendte mellom anna søknad til Gjensidigestiftinga om støtte til ljos.

– Me ynskte å byggje eit ljosanlegg rundt dei eksisterande løypene våre. Me har alt stor aktivitet i helgene, men på kveldane, i mørket, er det ein del som vegrar seg mot å gå på ski. Hovudlykter har vore eit alternativ for fleire i mange år, men me er sikre på at me vil sjå ei kraftig auke i aktiviteten på kveldstid nå som ljosløypa er ferdig, seier Hagen.

Han trur også at det vil bli lettare for idrettslaga å arrangere felles skitreningar.

– Me vil også få høve til å arrangere skirenn på kveldstid, seier han.

Artikkelen held fram under annonsen.

Mykje arbeid

I fjor sommar starta arbeidet med ljossettinga som har resultert i 28 master med 35 ljospunkt på den 1200 meter lange sprintløypedelen av Knarren.

– Totalkostnaden på prosjektet er om lag 800 000 kroner, seier Hagen som håpar mange vil nyte skispora denne vinteren.

– Eg gler meg til skitur på Knarren på kveldstid, helsa ordførar i Kviteseid Tarjei Gjelstad og gratulerte løypelaget med godt utført arbeid.