Formannskapet avgjer om det blir ljosdekorasjonar i Åmot sentrum i jola.
Formannskapet avgjer om det blir ljosdekorasjonar i Åmot sentrum i jola. Foto: Randi Berdal Hagen

Ynskjer jolepynt i sentrum

ÅMOT: Rådmannen i Vinje vil bruke 50 000 kroner på å utbetre ljosmastene i Åmot sentrum, slik at dei kan nyttast til ljosdekorasjonar til jol.

Rådmannen i Vinje gjer framlegg om å løyve 50 000 kroner i stønad til Vinje næringslag for å utbetre ljosmaster i Åmot sentrum.

– For nokre år sidan fekk næringslaget i Åmot montert kontaktar til uttak for dekorasjonar, til dømes til jol, på ljosmastene langs E134. På desse er det no kome ei liste med avvik og jordfeil frå Statens vegvesen. Det kjem på om lag 3 000 kroner per mast å utbetre dette, og det drier seg om 12 master, slik at det totalt vert om lag kr 50 000 i utgift for laget, står det i saksutgreiinga.

– Næringslaget vurderte dette som for dyrt og ville berre la det vera, noko som kom næringssjefen for øyro. Rådmannen meiner det er trasig om ikkje det blir jolepynt i sentrum i Åmot, og vil med dette gjera forslag om at Vinje kommune kan gje ei eingongsstøtte på 50 000 kroner til næringslaget, for å få dette i orden.

Formannskapet tek stilling til saka fyrstkomande torsdag.