Erlend Aarbakk (t.v.) og Kristoffer Haugerud Andersen likar seg godt med hockeyskøyter på føtene.
Erlend Aarbakk (t.v.) og Kristoffer Haugerud Andersen likar seg godt med hockeyskøyter på føtene.

Vintermoro på isen

Sportsbutikkane melder om auka sal av skøyter i ulike utgåver både til små og store. Sundag inviterte sol og kulde ekstra mange til å «sjesse», skøyte eller skeise på Sundkilen.

Denne vinteren har aktiviteten med skeiser tatt seg opp på mange isar, og i Kviteseid der det er heller bart, har den blanke overflata på Sundkilen blitt ein fin boltreplass for små og store.

Sundag møttest mange ute på isen i det fine vêret, nokre leika sisten, andre spela hockey eller bare tok seg ein rusletur utover Sundkilen i solskinet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Men det er ikkje bare i Vest-Telemark kulda har sytt for fine skeisetilhøve. Over heile landet har ein kald men snøfattig vinter sytt for at folk finn fram att gamle kunster. Kanskje har dei gamle lengdeløparane på ny blitt lufta, eller som sportsbutikkane melder: Etterspurnaden på skøyter har skote fart. Dette kan ein også kan sjå på sal- og byttesider på nettet.