– Vi er blitt møtt med entusiasme, interesse og semje, seier direktør Ottar Grepstad i Nynorsk kultursentrum (NK). Dei blei kopla på prosjektet av Vinje kommune, der ideen om Vinje-senteret kom frå. NK opnar nettstaden Vinjesenteret.no alt 29. februar.
– Vi er blitt møtt med entusiasme, interesse og semje, seier direktør Ottar Grepstad i Nynorsk kultursentrum (NK). Dei blei kopla på prosjektet av Vinje kommune, der ideen om Vinje-senteret kom frå. NK opnar nettstaden Vinjesenteret.no alt 29. februar.

Vinje-senteret skal gjera noko ingen andre gjer

Vinje-senteret kan bli noko så sjeldan som ein ny, nasjonal kulturinstitusjon – utanfor Oslo.

Senteret vil skape nye forteljingar om journalistikk, og om diktarane frå Vinje i fortid og notid – med ein høgare himmel over.

– Med blikk for det lokale skal Vinje-senteret bli eit nasjonalt dokumentasjonsog formidlingssenter på internasjonalt nivå om dikting og journalistikk, skriv Nynorsk kultursentrum i prosjektplanen for senteret.

Dei og initiativtakar Vinje kommune har høge visjonar for senteret, som er planlagt som ei eiga driftseining i Nynorsk kultursentrum på line med Ivar Aasen-tunet på Sunnmøre og Olav H. Hauge-senteret i Ulvik i Hardanger. I slutten av februar blir ein endeleg plan med budsjett for investeringar og drift dei fire fyrste åra lagt fram, og kommunestyret i Vinje får konkrete tal å halde seg til – i tillegg til at dei no har ei brei fagleg utgreiing å stø seg på.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er viktig at lokalpolitikarane også tek stilling til innhaldet i senteret, ikkje berre pengane, seier direktør i Nynorsk kultursentrum, Ottar Grepstad.

Både kulturdepartementet og fylkeskommunen må også inn med pengar dersom prosjektet skal realiserast. Det same må private aktørar. Nynorsk kultursentrum kjenner godt til denne finansieringsmodellen frå dei andre prosjekta sine.

– Til vanleg løyver staten inntil 60 prosent av offentlege driftsmidlar, regionen minst 40, seier dei.

Måndag kveld orienterte Grepstad politikarane om prosjektplanen, og oppmoda om at innspel bør koma så snart som råd.

Senteret er planlagt på 550 kvadratmeter i hovudetasjen på Vinje skule og mellombygningen til Vinjar grendehus. Heile grendehuset får dei også tilgang til ved større arrangement.

Dokumentere journalistikkhistoria

Det er eit unikt prosjekt som er under oppsegling i Vinje. Ein snart 200 år gamal journalist og forfattar er ein viktig bakgrunn for senteret.

– A. O. Vinje levde i ei brytningstid, blanda roller og skapte strid. Han var diktar i journalistikken og journalist i diktinga, har mangeårig NRK-journalist og vinbyggje Bjørn Bø sagt, og blitt sitert på i prosjektplanen for Vinje-senteret.

Der er eit historisk vakuum når det gjeld dokumentasjon og formidling av journalistikkens historie. Det finst nokre museum som tek for seg trykkerihistorie, men når det gjeld sjølve det journalistiske innhaldet er det heller smått.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Miljøet rundt Vinje-senteret vil utvikle eigne perspektiv og tankegangar som i neste omgang blir til dokumentasjon, formidling og forteljing. Utgangspunktet blir det kritiske. Vinje-senteret skal sjå på forholdet mellom form og innhald i pressa og på sitt uavhengige grunnlag vurdere både utøvinga av det journalistiske faget og journalistens kunnskapar, seier prosjektplanen, og peikar på nokre aktuelle problemstillingar som inngang til samtida:

Korleis har den journalistiske rolla endra seg? Kva er forholdet mellom lesaren og journalisten? Er journalistikken blitt betre dei siste 50 åra? Er journalistikken blitt meir retorisk? Er der krisepunkt i medieutviklinga i nyare tid?

Det er berre nokre av spørsmåla som førebels er tenkt arbeidd med. Dei som blir tilsett ved senteret skal starte jobben med å fylle det med innhald.

Tilsetjing av dei fyrste medarbeidarane vil skje så snart statlege og fylkeskommunale midlar er på plass. Fire heiltidsstillingar og to deltidsstillingar er planen.

Ein høgare himmel

I fylgje Nynorsk kultursentrum er det heller ingen som jobbar med prosakunsten – romanar, noveller – på den måten som er tenkt i Vinje-senteret. Grepstad meiner det er openbert at eit senter som dette skal ligge i nettopp Vinje, med den store kulturarven som finst der. Han er oppteken av at det skal finnast gode, relevante kulturinstitusjonar også utanfor hovudstaden – og at dei skal sjå breitt utover.

– Verda rundt handlar det typiske litterære museum om éin forfattar. Me kunne laga eit senter rundt berre A. O. Vinje, berre Tarjei Vesaas, berre Halldis Moren Vesaas, eller berre Aslaug Vaa. Men det er ikkje det me skal gjera. «Ein høgare himmel over Vinje» er det me vil få til, seier Grepstad.

– Det gjev publikum meir å oppleve, i fylgje planen.

Grepstad er oppteken av at Vinje-senteret kjem i tillegg til det som er i Vinje, ikkje i staden for noko. Det styrkjer det som alt finst, understrekar han.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ulvik-effekten kan gje folkeauke

I vesle Ulvik har dei fire nye høgkompetansearbeidsplassane ved Hauge-senteret gjort at kommunen no har 12 nye innbyggjarar – dei to siste blei fødde i haust, fortalde Grepstad. Det er ei von om at Vinje kan oppleve same effekten – og at folk skal få endå ein grunn til å stoppe i kommunen.

Full tilslutning

Organisasjonen Liv i Vinje gav på årsmøtet sitt måndag full tilslutning til prosjektplanen. Årsmøtet til Litteraturdagane i Vinje har gjeve fullmakt til styret sitt om å forhandle med Nynorsk kultursentrum om at Vinje-senteret overtek ansvaret for det årlege arrangementet.

Nynorsk kultursentrum og Vest-Telemark museum er i ferd med å utarbeide ei samarbeidsavtale der dei også skal definere ansvarsområde. Vinje-senteret kan overta ansvaret for Vinjestoga frå 2018.