– Ynskjer du opplevingar skapt av unike menneske på spennande plassar så besøk oss i «Godt gjemt», inviterar Gerd Danbolt Svalastod (t.v.), Tor Rett, Elisabeth Rett, Hamish Moore og Anne Birgit Sollid. Siri Hafnor og Karin Kvålseth (framme).
– Ynskjer du opplevingar skapt av unike menneske på spennande plassar så besøk oss i «Godt gjemt», inviterar Gerd Danbolt Svalastod (t.v.), Tor Rett, Elisabeth Rett, Hamish Moore og Anne Birgit Sollid. Siri Hafnor og Karin Kvålseth (framme).

Vil vise gøymde skattar langs vegen

Med prosjektet «Godt gjemt» vil verksemder og attraksjonar langs E 134 stå saman for å få fleire besøkande innom.

Pilotprosjektet «Godt gjemt» som vart starta i fjor vår kan nå teste ut materiell og samarbeid på tvers av verksemder i Vest-Telemark denne sesongen.

Morgedal utvikling ved Siri Hafnor og Hamish Moore er prosjektleiarar, medan Vest-Telemark næringsutvikling ved Karin Kvålseth er prosjektansvarleg.

Artikkelen held fram under annonsen.

Innovasjon Norge har så langt stødd prosjektet med 200.000 kroner.

Åtte aktørar

Så langt har åtte lokale produsentar og næringsdrivande frå Seljord, Kviteseid og Vinje gått saman om å lage ein felles profil gjennom nettverksbygging.

Dei åtte samarbeidspartnarane er Skreppa flatbrødbakeri, Seljord hotell, Svalastog keramikk, overnatting og aktivitetar, Morgedal utvikling – opplev skihistoria, Oldemorhuset og Tjønnstaul overnatting, Skare gard kurs og konferanse, Nordigard Bjørge gjestegard – heimlaga is, kafe og overnatting og Seljord vin.

Dei jaktar alle gjester som ferdast langs E 134 mellom aust og vest, og vonar at pilotprosjektet på sikt kan binde saman fleire attraksjonar og produsentar langs heile vegstrekker både i Buskerud, Telemark og Hordaland.

Denne sesongen er dei åtte aktørane klare for å marknadsføre kvarandre, og alle har reist på besøk til kvarandre for å hente mest mogleg kunnskap.

– Me trur på den menneskelege kontakten, og trur at ein vil vinne på å gje gjester ei personleg anbefaling, seier Tor Rett frå Seljord hotell.

Samarbeid

Korleis kom prosjektet i gang?

– Verksemdene er travelt opptekne med sitt i det daglege, og marknadsføring og arbeidet med å få tak i nok kundar er ei utfordring. Det er også vanskeleg å komme nok fram mellom alle dei store, og sidan denne gjengen hadde god erfaring med samarbeid frå før var mykje av grunnlaget lagt, seier prosjektleiar Siri Hafnor.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ho meiner at det er viktig å teste ut prosjektet og lage ein god base før ein vidareutviklar.

Alle som deltek i pilotprosjektet er interesserte i eit opplegg som fungerer. Denne veka fekk alle med seg ei informasjonstavle der gjestene kan få eit kort med informasjon til ein annan aktør langs vegen.

– Korta kan ein «selje» på ein annan måte enn alle skilta langs vegen. Kanskje «Godt gjemt» om fem år har blitt godt kjent, seier Tor Rett.

– Me vil ta godt i mot gjestene og gjerne vise dei vidare til andre spennande opplevingar i regionen. Me ligg langs vegen, men er nok ikkje så synlege. Men dette kan vere ein god måte å bli det på, seier gjengen, og er spent på responsen dei vil få gjennom sesongen.

I oktober blir pilotprosjektet avslutta og det blir tatt stilling til kva som skjer vidare med «Godt gjemt».

– E 134 skal bli ein opplevingsveg, og då er dette samarbeidet ein svært god start, meiner Karin Kvålseth frå Vest-Telemark næringsutvikling.