Vest-Telemark tingrett. (Illustrasjonsfoto)
Vest-Telemark tingrett. (Illustrasjonsfoto)

Vesttele dømt for grove truslar og skadeverk

Ein vesttele i 20-åra truga fleire personar på livet, knuste ruter i ein politibil og bruka narkotika. Nå ventar fleire månadar i fengsel og ei bot for vesttelen.

Ein kar i 20-åra er av Vest-Telemark tingrett dømt til sju månadar fengsel – der fire av månadane blir utsett med ei prøvetid på tre år. Det kjem også eit frådrag på 67 dagar for varetekt. Vesttelen må også betale ei erstatning på 16 578 kroner til Sør-Aust politidistrikt, Telemark, vedtok tingretten i juni.

Bakgrunnen for dommen er fleire hendingar i tida frå september 2015 til februar 2016.

Artikkelen held fram under annonsen.

Grove truslar

Ein februarkveld i fjor ringte vesttelen i 20-åra fleire gonger til ein mann og ei kvinne med truslar. Den tiltala sa mellom anna at han skulle «knuse trynet hans». Ei anna straffesak var bakgrunnen for truslane.

Seinare den same natta, sendte mannen i 20-åra to tekstmeldingar til mannen der han skreiv «På vei, dumt at du ikke tenkte deg om» og «Så hvis noen skyter deg i panna i kveld, har jeg iallefall advart deg».

Truga lensmannen

Då tingretten handsama saka kom det også fram at vesttelen hadde kome med truslar mot den lokale lensmannen. Dette skjedde via fleire telefonsamtalar den tiltala hadde til politiets operasjonssentral i Telemark der han mellom anna truga med å «skyte opp» heile lensmannskontoret, at han hadde fleire våpen og at han «drømte om å bruke hagla på lensmannen» då lensmannen hadde «brydd seg for mykje i hans privatliv». Dette blei vurdert til at det var av slike omstende at det var eigna til å framkalle frykt hos lensmannen og tilsette ved lensmannskontoret.

Vesttelen var også tiltala for å ha ringt det lokale Nav-kontoret og nytta upassande ordbruk mot saksbehandlaren i samband med at han kravde ytingar medan han sat i fengsel.

Knuste politibilen

Med bakgrunn i truslane fekk vesttelen seinare besøk utanfor bustaden sin av politiet som gav beskjed om at det var væpna politi der, og at han skulle kome ut. Då opna vesttelen glaset og ropa at han skulle skyte alle frå politiet på staden, og at han hadde hagle. Trusselen om å skyte politiet blei gjenteke fleire gonger, og vesttelen sa også at han skulle skyte den fyrste som kom inn. Deretter tok han seg ut av huset med ein trekubbe i handa, sklei rett ned mot politiet og knuste bakruta og sideruta på ein politibil før han overga seg, og blei pågripen.

Nytta rusmidlar

I saka kom det fram at vesttelen har hatt og bruka narkotika som hasj og marihuana ved fleire høve i den aktuelle tida. Han er også teken for å ha dopingmiddel, som ulike anabole steoridar.

I samband med saka opplyser tingretten at det har blitt gjennomført ei undersøking av ein psykologspesialist som slo fast at tiltala verken blei funne psykotisk eller alvorleg psykisk utviklingshemma.