Det er fire vestskåp ved Fyresvatn.
Det er fire vestskåp ved Fyresvatn. Foto: Privat

Vestane langs Fyresvatn har blitt mykje bruka

Fyresdal Røde Kors har hatt 134 flyte-/redningsvestar i skåp fleire stader ved Fyresvatn. No er dei vinterlagra.

– Tilbakemeldingane er att vestane har vore mykje bruka, av folk i alle aldrar, melder lokallaget.

Nissen fekk nyleg vera med å samle inn vestane som har vore tilgjengelege for alle.

Vestane blir hengt inn i dei fire vestskåpa ved Fyresvatn seinast innan 1. mai neste år.

Les også: 134 redningsvestar på plass