– Eg er veldig fornøgd med at politikarane fjerna framlegget om stor parkeringsplass ved Tehytta i Rauland. Det hadde truleg betydd slutten på sauehaldet for min del, seier sauebonde Bjørn Borgersen.
– Eg er veldig fornøgd med at politikarane fjerna framlegget om stor parkeringsplass ved Tehytta i Rauland. Det hadde truleg betydd slutten på sauehaldet for min del, seier sauebonde Bjørn Borgersen.

Vedtok planen, men sa nei til sti og parkering ved Tehytta

Arbeidet med sti- og løypeplanen starta i 2013. I går vedtok politikarene planen, men ikkje heilt utan debatt. Grunneigar Bjørn Borgersen i Rauland er godt fornøgd med vedtaket.

– Eg er veldig glad for at det ikkje blir noko av parkeringsplass ved Tehytta. Det hadde truleg betydd kroken på døra for sauehaldet mitt om det hadde blitt endå større aktivitet i området, seier han.

– Stiog løypeplanen er eit resultat av den enorme utviklinga me har hatt i kommunen innan turisme og hyttebygging. Me må også hugse at planen er like gjeldande for fastbuande som for turistane. Det siste me ynskjer er å skape konfliktar med grunneigarane i dei aktuelle områda, så eit samarbeid med dei er viktig, sa saksordførar Alf Seltveit (Ap).

Artikkelen held fram under annonsen.

Han meinte det var særdeles viktig å lage ny parkeringsplass ved Tehytta.

– Me må finne trafikksikre løysingar, sa han.

Konfliktar

Det er kjent at det har vore konfliktar i området med tanke på turisme kontra beitedyr. Dersom ein går vidare forbi Tehytta kjem ein inn til Skarsnut, eit område som sauebonde Bjørn Borgersen eig.

– Me veit at det er konflikt mellom dei på Neset og dei som har beitedyr i området. Kommunen bør ikkje gje næring til slike konfliktar, og mitt forslag er derfor at me tek området ut av planen, sa Vinje-ordførar Jon Rikard Kleven (Sp).

– Beitedyr og turisme er ein dårleg kombinasjon. Lausbikkjer har vore eit stort problem, og eg opplever at mange lam blir skilde frå mora si i løpet av beitetida. Det skuldast i dei aller fleste tilfella bikkjer og turistar, seier Bjørn Borgersen.

Han seier at dei som ferdast i fjellet kanskje ikkje tenkjer seg om når dei slepper bikkje sine.

– Bikkja spring kan hende bort ei lita stund og kjem tilbake, men kva ho har gjort i mellomtida veit ikkje hundeeigaren. Derfor er det så viktig at bikkjene er i band, seier han.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Reknar du med at vedtaket om å ikkje gå for parkeringsplass og sti innover mot Skarsnut kan redusere faren for lausbikkjeangrep?

– Ja, utan tvil. Det er mange som nyttar området, og hadde det blitt laga ein større parkeringsplass hadde det vore umogleg å halde på med beitedyr der. No er eg veldig glad for at politikarane tok området ut av stiog løypeplanen, smiler Borgersen.