Betalingsviljen for utmarkseigedommar er framleis høg.
Betalingsviljen for utmarkseigedommar er framleis høg. Foto: Geir Ufs

Utmarkseigedom til 25 millionar ute for sal

VINJE: Havradalen på Hardangervidda er lagt ut for sal, med ein prislapp på 25 millionar kroner, skriv TA.

Eigedomen på 39 kvadratkilometer har fire hytter som tilhøyrer eigedomen.

Eigedomsmeklar Pål Ivar Lauritzen i Ketil Koppang Landbruks- og næringsmekling AS seier til Telemarksavisa at det alt har vore stor interesse frå kjøparar, sjølv om prislappen er på 25 millionar kroner.

– Betalingsviljen for denne type eigedomar pleier å ligge på dette nivået. Dette er ein takst som me stiller oss bak, seier han til TA.

Lauritzen seier også til TA at det er store moglegheiter til jakt og fiske på eigedomen og at det for 2019 er ein villreinkvote på 27 fellingsløyve på voksen bukk.

Varden har også omtala eigedomen som er for sal og fortel at den opphavlege salseigedommen var på 74.000 dekar, og var på sal i mai med prisforslag på heile 39,5 millionar kroner. Den er no delt i to.

– Det er den eine heileigde delen på snautt 39.000 dekar som nå igjen er ute for sal. Den andre delen av Havradalen, som er ein 50-prosents del i eit sameige på rundt 35.000 mål, er nå ikkje lenger ein del av salsprospektet, skriv Varden.