Håkon Nordbø Venås, Emil Baren Halvorsen, Erik Haland, August Mikelskas, Jens Olav Jamgrav Foss, Tobias Nekstad Grave. I midten frå venstre: Hans Øy. Framme frå venstre: Marte Straand, Hannah Kalager Torsdalen, Andrea Baren Halvorsen, Elisabeth Haland og Birger Skipar. Elias Li Fredriksen var ikkje til stades då VTB var på besøk.
Håkon Nordbø Venås, Emil Baren Halvorsen, Erik Haland, August Mikelskas, Jens Olav Jamgrav Foss, Tobias Nekstad Grave. I midten frå venstre: Hans Øy. Framme frå venstre: Marte Straand, Hannah Kalager Torsdalen, Andrea Baren Halvorsen, Elisabeth Haland og Birger Skipar. Elias Li Fredriksen var ikkje til stades då VTB var på besøk.

Telemarks eldste skule

I år er det 170 år sidan det vart etablert skule på Straumsnes i Vrådal. Då den gamle husmannsplassen vart skule hadde læraren ansvaret for både gard og skule.

Nå har me ganske få elevar og det gjev oss veldig god oversikt.

Birger Skipar

– Me har ein fantastisk fin skule med så fine og hyggelege elevar at det ikkje kan bli betre. Mobbing er ikkje eit framandord, men det er svært sjeldan me har hatt slike problem. Nå har me ganske få elevar og det gjev oss veldig god oversikt, seier rektor på Straumsnes oppvekstsenter, Birger Skipar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han har vakse opp i Vrådal og sjølv vore elev på Straumsnes. På midten av 80-talet starta han som lærar på skulen, og sidan 2001 har han vore rektor, fyrst ved skulen og frå 2005 for oppvekstsenteret då skule og barnehage administrativt vart slege saman.

Den gamle skulen ligg nydeleg til omringa av vatn, og med store, fine uteareal for barna å boltre seg på.

– Halve skuleåret har me uteskule tre timar i veka. Då har me undervisninga av dei ulike faga ute, norsk, matte, naturfag eller gym. Ein lærer mykje av det. Me har veldig fine fasilitetar her med gymsal, klatrevegg i låven, bålhytte, kanoar og i vinter har det vore akebakke og skiløyper som har vore mykje bruka. Barna må gjere ting sjølve, men det er viktig å legge til rette for aktivitetar, seier Skipar.

Våren er på veg og barna på Straumsnes har funne fram fotballen. Her har skuleelevar leika og mora seg gjennom 170 år. Erik Haland (f.v.), August Mikelskas, Elisabeth Haland, Tobias Nekstad Grave og Håkon Nordbø Venås.
Våren er på veg og barna på Straumsnes har funne fram fotballen. Her har skuleelevar leika og mora seg gjennom 170 år. Erik Haland (f.v.), August Mikelskas, Elisabeth Haland, Tobias Nekstad Grave og Håkon Nordbø Venås.
Bildet skal vere frå 1935, og viser at Straumsnes var både skule og eit gardsbruk. På denne tida var Olav Nikolai Andersson Muren lærar og gardbrukar. Ifølge Sanden var Straumsnes ein «mønstergard som var ein pryd for bygdi» då Muren dreiv staden.
Bildet skal vere frå 1935, og viser at Straumsnes var både skule og eit gardsbruk. På denne tida var Olav Nikolai Andersson Muren lærar og gardbrukar. Ifølge Sanden var Straumsnes ein «mønstergard som var ein pryd for bygdi» då Muren dreiv staden.
Det har lenge vore satsa på uteskule på Straumsnes. Her sett ei klasse ut fisk i Reinskåstjønn. Vatnet hadde blitt surt, men elevane kalka det og sette ut fisk. Ifølge Skipar er det framleis godt med fisk i tjønna. – Ein seier at i gamledagar var det så stor fisk der at dei vaka ikkje etter fluger, men etter svaler, og slik er det vel framleis, seier Skipar. Bildet er frå skuleåret 1988/89. Emil Fillingsnes (f.v.), Thorbjørn Sinnes, Svein Arild Auestad (ved årene), Birger Skipar, Linda Halland, Hilde Birgitte Myrland og Anita Bakken.
Det har lenge vore satsa på uteskule på Straumsnes. Her sett ei klasse ut fisk i Reinskåstjønn. Vatnet hadde blitt surt, men elevane kalka det og sette ut fisk. Ifølge Skipar er det framleis godt med fisk i tjønna. – Ein seier at i gamledagar var det så stor fisk der at dei vaka ikkje etter fluger, men etter svaler, og slik er det vel framleis, seier Skipar. Bildet er frå skuleåret 1988/89. Emil Fillingsnes (f.v.), Thorbjørn Sinnes, Svein Arild Auestad (ved årene), Birger Skipar, Linda Halland, Hilde Birgitte Myrland og Anita Bakken.
Hannah Kalager Torsdalen (f.v.) og Andrea Baren Halvorsen nyt eit friminutt etter ein time med matte.
Hannah Kalager Torsdalen (f.v.) og Andrea Baren Halvorsen nyt eit friminutt etter ein time med matte.

Stor aktivitet

I Gamalt frå Kviteseid frå 1995 skriv Tor O. Sanden stykket: «Straumsnes – gard og skule», og byr på eit innblikk i historia til Straumsnes. Alt i 1711 er plassen nemnt som ein av åtte husmannsplassar i Vrådal. Lenge var det omgangsskule i bygda, men då Straumsnes vart ledig i 1840 blei det tema om ikkje dette var ein passande stad å ha fast skule. Eigaren av Roholt hadde delt garden mellom dei to sønene sine Jon og Kristoffer, og ifølge Sanden var dei to brørne sterke pådrivarar for å få skule i nærleiken. På eit møte på Roholt i 1847 vart det bestemt at Straumsnes skulle bli skulegard og året etter vart Svein Gunnarson Lønnegrav tilsett som kyrkjesongar og skulehaldar. Den stillinga hadde han i heile 45 år.

Då Lønnegrav og kona Siri Reiersdotter Lia overtok Straumsnes vart det bygd skulestoge med lærarbustad. Dei flytte inn 7. november 1948, og to dagar etter byrja skulen. Med unnatak av eitt år under krigen har det vore skuledrift på Straumsnes sidan.

Det fanst ikkje noko anna forsamlingshus i bygda på denne tida, og skulen vart etter kvart nytta. Når ein nærmar seg århundreskiftet vart mange ulike lag stifta og det var stort behov for møterom, det var politiske møte, joletrefestar, basarar og foredrag. Straumsnes vart kultursentrumet i bygda.

Unntaket

Artikkelen held fram under annonsen.

Lønnegrav gav seg som lærar i 1893. I 1869 hadde han starta opp det fyrste posthuset i Vrådal som han dreiv på Straumsnes. Då han slutta som lærar flytta han posthuset til Eidsto, og heldt fram som poststyrar fram til 1905, då var han 78 år.

Då Olav Nikolai Andersson Muren frå Sande på Sunnmøre byrja som lærar på Straumsnes i 1911 følgde ein lang og stabil periode for skulen. Av Sanden blir han omtalt som ein «energisk og flink kar som snart fekk snudd den noko vanndrivne jorda og synte seg straks som ein rett dyktig gardbrukar òg.» Muren gifta seg med Aasne Halvorsdotter Lønnegrav, og dei fekk seks born saman som alle var fødd på Straumsnes. For hundre år sidan, i 1918, vart dottera deira Solveig født. Ho vart kunstnar og gav oss mellom anna minnerike teikningar av Smørbukk, tussar og troll.

Under krigen vart Muren tidleg peika ut som ein av leiarane i motstandsrørsla i bygda, og våren 1944 måtte han gå i dekning. Hausten etter måtte han og sonen Anders rømme til Sverige, og dei kom ikkje heim att til Vrådal før mai året etter. Det året Muren var borte er det einaste året det ikkje har vore skule på Straumsnes.

Gamle benkar:Elevane testar ut dei gamle skulebenkane som har fått plass på Slusemuseet rett nedanfor oppvekstsenteret. På bakerste benk frå venstre: Håkon Nordbø Venås, Emil Baren Halvorsen, Erik Haland, August Mikelskas, Jens Olav Jamgrav Foss, Tobias Nekstad Grave. I midten frå venstre: Hans Øy. Framme frå venstre: Marte Straand, Hannah Kalager Torsdalen, Andrea Baren Halvorsen, Elisabeth Haland og Birger Skipar. Elias Li Fredriksen var ikkje til stades då VTB var på besøk.Ivrige:Våren er på veg og barna på Straumsnes har funne fram fotballen. Her har skuleelevar leika og mora seg gjennom 170 år. Erik Haland (f.v.), August Mikelskas, Elisabeth Haland, Tobias Nekstad Grave og Håkon Nordbø Venås.Leik:Hannah Kalager Torsdalen (f.v.) og Andrea Baren Halvorsen nyt eit friminutt etter ein time med matte.

Nyare tider

Etter krigen var det mykje som endra seg. Homme, Skree og etter kvart Sinnes og Lislekås skulekrins vart lagt ned og lagt under Straumsnes. Skulen vart også niårig og ein hadde behov for større plass til elevane.

– På midten av 70-talet vart det bygd grendehus som me også nyttar som gymsal. Det er framleis forsamlingshuset her i bygda, og i den grad me kan snakke om at me har eit kultursentrum må det vere her med skulen og idrettsanlegget, seier Skipar.

I dag er det ein skule og to oppvekstsenter i Kviteseid kommune, og sidan Vråliosen skule vart lagt ned i 1992 har Straumsnes vore den einaste skulen i Vrådal. Elevtala har svinga noko gjennom tidene, men mot slutten av 90-talet var det om lag 60 elevar. Då gjekk elevane gjekk 1.–7. klasse på Straumsnes før dei tok turen til Kviteseid for å gå på ungdomsskulen. Dei siste åra har det gått nedover med elevtala, og mellomsteget vart lagt ned i 2016.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg unner ingen å vere med i ein diskusjon som handlar om nedlegging av skule. Det er mange kjensler involvert, og som rektor hamnar ein mellom barken og veden. Me merkar veldig godt at mellomsteget forsvann. Klasseroma deira var rett under kontora, så her oppe har det blitt veldig stille nå, seier Skipar.

Kontora på Straumsnes ligg i andre høgda og utsikta er det lite å klage på. Ein ser uteområdet der barna frå barnehagen og skulen leikar, lysløypa som i desse dagar er i ferd med å smelte bort, fjell og vatn på alle kantar. I vindaugskarmen til rektor ligg det ein gamal slipestein.

– Denne fekk eg av ein elev som hadde øydelagt slipesteinen på sløyden, og ville gje oss ein ny. Det blei aldri til at eg sette den på plass att på sløyden, men eg tenker på den som eit symbol på korleis det er med elevar. Dei skal formast, men ingen skal vere like.

Fest

Skipar er inne i sitt siste skuleår før han går av med pensjon til hausten.

– Eg har trivst veldig godt på her på skulen. Det er sjeldan eg har måtta bruke kjeft på elevane, og eg har alltid hatt dyktige kollegaer å arbeide saman med, men det er ei tid for alt. Nytt blod trengst innimellom.

I dag er det 12 elevar ved skulen, og 17 barn i barnehagen på det som er den eldste skulen i Telemark som er i drift på same stad. Mot slutten av månaden inviterer oppvekstsenteret elevar, foreldre, besteforeldre, tidlegare elevar og alle andre som har eller har hatt ein eller annan relasjon til oppvekstsenteret til markering av bursdagen til 170-åringen.

– Det blir litt underhaldning frå elevane, og helsingar frå nokre tidlegare elevar. Me er spente på kor mange som kjem. Festen er for alle som har ei tilknyting til skulen eller barnehagen, men me er verkeleg ikkje strenge på kor nær den relasjonen skal vere, seier Skipar.

Artikkelen held fram under annonsen.

(Kjelde: Gamalt frå Kviteseid 1995. Straumsnes gard og skule av Tor O. Sanden)