Åsta Østmoe Kostveit på Rauland har skrive bok om takkebakst og tradisjonane knytt til denne bakeforma. Boka kjem ut på Samlaget og ho vart lansert på Akademiet. Forfattaren står her med tynnkake med sirup som er eit døme på festtakkebakst frå hennar barndomstrakter i Stor-Elvdal i Østerdalen.
Åsta Østmoe Kostveit på Rauland har skrive bok om takkebakst og tradisjonane knytt til denne bakeforma. Boka kjem ut på Samlaget og ho vart lansert på Akademiet. Forfattaren står her med tynnkake med sirup som er eit døme på festtakkebakst frå hennar barndomstrakter i Stor-Elvdal i Østerdalen.

Takkebaksten er verdfull kulturhistorie

«Ta til takke» er den treffande tittelen Åsta Østmoe Kostveit på Rauland har sett på den nye boka si om flatbrød, lefser og annan takkebakst.

Det vanka både takkebakst i mange variantar og frå fleire område i landet, då boka denne veka blei lansert på Akademiet på Rauland. Og attåt dei gode smaksopplevingane sytte Per Åsmund Omholt med framføring av folkemusikk for ein gild ramme.

– Eg har skrive ei bok som tek opp dei kulturhistoriske tradisjonane kring bruken av takke forutan alle oppskriftene som femner lokale tradisjonar frå mesteparten av landet. Målet har vore å få til ei bok som er folkeleg og brukeleg for alle, seier Åsta Ø. Kostveit.

Artikkelen held fram under annonsen.

Noko av takkebaksten er heilt lokal, medan det til dømes finst ei mengd lefsetyper rundt om i Noreg, sjølv om det også her er mange variantar.

– Det har gjerne vore slik at kvar bakar har sine eigne oppskriftar når dei driv med takkebakst. Om boka får eg difor låne nokre ord frå dramatikaren Jon Fosse som seier ein stad at nokon kjem til å sakne noko, seier forfattaren.

Det ligg eit enormt arbeid bak denne boka som også inneheld ei imponerande litteraturliste for dei som ynskjer å grave seg djupare ned i den lokale matkulturen i Noreg.

Oppskrifter frå heile landet

Åsta Ø. Kostveit gir ikkje ut ei bok der oppskriftene er tekne eller lånte frå andre bøker. Ho byrja arbeidet med litteratursøk og sende deretter ut 35 brev til alle kantar av landet der ho bad om lokale oppskrifter på takkebakst.

– Under arbeidet har det vorte mange hyggelege telefonsamtaler. Det har strøymd på med oppskrifter, men det har vore ein jobb å utarbeide nøyaktige oppskrifter. I mange gamle oppskrifter står det gjerne berre «mjøl til passe deig». Eg har hatt hjelp av fleire lokale bakstekjerringar med å bake fleire av baksten som er med i boka, fortel ho.

Hent fram takkene

Vona til forfattaren er at mange tek fram dei mange takkene som står gøymde bort kring om på bygdene, og syter for å halde tradisjonen i hevd anten det er kvardagsbakst som brau og lefser eller festbakst. Alle alternativ kan ein lese om i boka som er rikt illustrert med vakre fargebilete.

Under lanseringa greip instituttleiar Bodil Akselvoll ordet og sa at Institutt for folkekultur ved Høgskulen i Telemark stiller 20.000 kroner og kontor til rådvelde for at Åsta Ø. Kostveit kan gje seg i kast med endå eit bokprosjekt.