Optikar Svein Andrup frå Seljord reiser i midten av november til Peru for å hjelpe.
Optikar Svein Andrup frå Seljord reiser i midten av november til Peru for å hjelpe.

Svein reiser til Peru for å hjelpe: – Treng fleire barnebriller

I midten av november reiser optikarane Svein Andrup frå Seljord og Kari Line Langkaas frå Bø til Peru med Vision For All (VFA). No etterlyser dei brukte barnebriller.

Totalt fem optikarar og tre optikarassistentar frå Noreg reiser 15. november til Peru. Her skal dei gjennomføre om lag 1000 synsundersøkingar og levere ut brukte briller. Kvar og ein skal fylle kofferten med 400 brukte briller og solbriller. Optikarane frå Alliance Optikk Vest-Telemark og Alliance Optikk Midt-Telemark gler seg til ein meiningsfylt og opplevingsrik tur med mange inntrykk – på både godt og vondt. Dei er no i gang med pakkinga.

– Handbagasjen kjem i hovudsak til å bestå av synsprøveutstyr, seier Svein Andrup.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me tek gjerne imot meir. Og spesielt er det behov for barnebriller, held han fram, og oppmodar folk til å kome innom med brukte briller.

Tilbodet er til dei som bur nord i Peru som ikkje har høve til å dekke kostnadene til dette sjølve. Om det blir avdekt augesjukdomar har dei høve til å vise vidare til lokal augelege.

Vision For All er stadig rundt om i verda og har erfart at pasientar som blir undersøkt har store synsfeil.

– Brukte briller frå Noreg kan gje eit monaleg betre syn og ein lettare kvardag. Ein pasient som blei leia fram av si gamle mor fekk brillehjelp med minus 16 i styrke, fortel Andrup som er med for fyrste gong.

Vision For All er ein ideell organisasjon som hjelper menneske med gratis synsundersøkingar og briller i ulike delar av verda. I oktober var ein delegasjon optikarar og assistentar til Kambodsja. Organisasjonen i Noreg blei etablert i 2003 og har sidan reist til Eritrea, Guatemala, Kambodsja, Haiti og Peru. Etter 37 reiser og 30 000 personar undersøkt er det mange som har fått hjelp med ukorrigerte synsfeilar.

På årets landsmøte i Norges Optikerforbunds landsmøte fekk Gunnar Lindgren, som etablerte VFA Norge, tildelt samfunnsprisen for innsatsen sin med Vision For All, og det var her Kari Line og Svein blei inspirerte til å bidra i arbeidet.