Gunnar Ruud
Gunnar Ruud

Sommargjesten: Gunnar Ruud

Alder:62 år

Kjem frå: Kviteseid

Artikkelen held fram under annonsen.

Gjer: Dagleg leiar på rekneskapskontoret i Kviteseid og driv Sverre Ruud og Fru Ruud saman med familien   

Korleis er ein perfekt sommardag?

Det må vere sol og ikkje alt for varmt, og eg sit i ein fin skugge og slappar av. Det kan heller ikkje vere for mykje vind.

A- eller B-menneske?

A.

Kven er den beste grillsjefen du kjenner?

Fruen.

Kva vil du vise turistane i Vest-Telemark?

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er jo veldig mykje fint i alle kommunane. I Kviteseid ville eg nok vist dei Bygdetunet og den gamle kyrkja.

Kva er ditt beste ferieminne?

Å vere på hytta ved sjøen og drive med sjøfiske.

Er myggen glad i deg? 

Ikkje spesielt.

Kva må temperaturen i vatnet vere for at du skal hive deg uti? 

20 pluss.

Kva dialektord likar du best?

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er jo så mange! Det måtte vere noko spesielt, slik som «håkken».

Noko du gler deg til? 

Ikkje noko spesielt. Eg gler meg til det meste, både fritid, arbeid og turar.

Kven vil du sende ei sommarhelsing til?

Fru Ruud.