Brannvesenet synte korleis dei fekk ein skada person som sit fast i eit bilvrak ut. 		Alle
Brannvesenet synte korleis dei fekk ein skada person som sit fast i eit bilvrak ut. Alle Foto: Olav Åsen Haugsgjerd

Søkeljos på brannførebygging

Mange stader i landet var det open brannstasjon i helga. – Me går inn i ein sesong med fleire husbrannar, difor er det viktig å gjere unge og vaksne medviten på tryggleik i heimen, seier beredskapsleiar Olav Ringhus.

Haukeli

Mange hadde teke turen til den opne brannstasjonen på Haukeli for å prøve brannsløkkingsapparat og høyre brannmannskapa fortelje om branntryggleik. Ringhus er beredskapsleiar i Vinje kommune og seier dei har ein slik dag kvart år i september.

– I Vinje har me tre brannstasjonar, og difor prøver me å bytte litt på kor me har open dag. Det er for å få folk til å vere medvitne på kva tiltak ein kan gjere i heimen, men også å vise fram stasjonen og utstyret brannvesenet brukar, seier han.

Bilberging

Det vart også demonstrert berging frå eit bilvrak. Brannvesenet vert tilkalla til trafikkulykker for å få skadde ut av bilvrak.

– Brannvesenet driv med meir i dag, enn å sløkkje brannar. Det er ni mil med europaveg som Vinje dekkjer, mellom Mostaul og fylkesgrensa til Hordaland. Mesteparten av oppdraga til brannvesenet i dag er å assistere under trafikkulukker, seier Ringhus.

Både barn og vaksne prøvde brannsløkkingsapparata.
Både barn og vaksne prøvde brannsløkkingsapparata.
Tor Olav Tveiten Håstø og Sindre Romtveit testa både seta og sirena på brannbilen.
Tor Olav Tveiten Håstø og Sindre Romtveit testa både seta og sirena på brannbilen.
Olav Ringhus, Unni Peersen Teigland og Gudrun Semons delte ut premiar til deltakarane på rebusen.
Olav Ringhus, Unni Peersen Teigland og Gudrun Semons delte ut premiar til deltakarane på rebusen.

Byrje tidleg

Unni Peersen Teigland jobbar i Rauland brannvesen og fortel at den opne dagen avsluttar den årvisse brannvernsveka.

– Brannvesenet har besøkt barnehagane, der barna i tidleg alder lærer at dei må ringe 113 om det skulle begynne å brenne. Det er viktig å drille på det og prøve brannsløkkingsapparatet, seier ho.

Under den opne dagen vart det også rebus om spørsmål omkring branntryggleik.

– Dei lærer også at røykvarslaren har gebursdag 1. desember og at den alltid ønskjer seg nye batteri til presang, fortel Teigland.

Ringhus synte også kva verknader ein liten boks med parafin kunne skape om den tok fyr.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me oppmodar alle til å gjennomføre ei brannøving heime, seier Ringhus.

olav@vtb.no