Musikken har alltid vore ein del av livet til Simon. Han har vore innom trommer, song og piano, og stod på scena med sin fyrste sjølvskrivne låt då han gjekk i 5. klasse. I desse dagar gjev han ut sin fyrste EP, som artist kallar han seg Kakaosimon.
Musikken har alltid vore ein del av livet til Simon. Han har vore innom trommer, song og piano, og stod på scena med sin fyrste sjølvskrivne låt då han gjekk i 5. klasse. I desse dagar gjev han ut sin fyrste EP, som artist kallar han seg Kakaosimon.

Simon slepper sin fyrste EP

Musikken har alltid vore ein del av livet til Simon Nenseter Nome (20) frå Fyresdal. Han har vore innom mange instrument og sjangrar, og i haust rappa han for fyrste gong. Seks månadar etter gjev han ut sin fyrste EP, og det er som rapparen Kakaosimon.

Det er gøy å synge, men det er endå meir gøy å rappe.

– Det har alltid vore mykje musikk heime. Begge foreldra mine er veldig musikkinteresserte, og pappa spelar gitar og bass. Då eg var liten digga eg å grave meg ned i vinylsamlinga til pappa, fortel fyresdølen.

I fyrste klasse byrja han å spele trommer på kulturskulen, men det varte berre eitt år.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Då tenkte eg at dette gidd eg ikkje meir, og byrja å spele piano og synge i staden. Eg hadde song som hovudinstrument heilt fram til eg gjekk på vidaregåande i Skien. Då eg var liten var Frank Sinatra eit stort forbilde. På grunn av foreldra mine høyrde eg også mykje på Sting & The Police mellom anna. Seinare blei det meir rock, som Muse og Foo Fighters, og nå er det så mykje forskjellig. Eg høyrer mykje på gamal musikk, jazz frå 70-talet og festrap frå 90-talet. Denne miksen er grunnen til at eg lagar musikk slik eg gjer, og eg hadde aldri rappa i dag om eg ikkje song tidlegare.

Stilla og by-kjensla

Simon har vekse opp i Fyresdal, men etter ungdomsskulen reiste han til Skien for å gå på musikklinja på den vidaregåande skulen der. Der blei han berre i eitt år.

Simon brukar mobilen som notatblokk når ideane kjem. Her er teksten til singelen han slapp i haust – «Ung appetittvekker».
Simon brukar mobilen som notatblokk når ideane kjem. Her er teksten til singelen han slapp i haust – «Ung appetittvekker».
Det er gøy å synge, men det er endå meir gøy å rappe.
Det er gøy å synge, men det er endå meir gøy å rappe.

– Då fekk pappa, som er prest, jobb i Sjømannskyrkja i Brüssel i Belgia, og familien flytta dit. Dei to siste åra av vidaregåande gjekk eg der. Det var veldig moro og ein stor kontrast frå Fyresdal. Brüssel er ein stor, internasjonal by, og eg gjekk på skule med menneske frå heile verda. Eg trivst med andre og er veldig sosial, så eg lika meg godt.

Nå bur Simon i Oslo der han studerer musikkvitskap og etablerer seg som artist, og VTB er heldige å møte han når han er heime på ferie.

– Eg har familie i Oslo, og alltid lika by-kjensla, men det er i Fyresdal eg kjenner meg verkeleg heime. Der er det stille og fredeleg, og det fyrste eg gjorde i går då eg kom heim var å ta på meg skia og gå innover heia saman med bikkja. Eg bur midt i byen, derfor er det deilig å kome hit til stilla, men så må eg tilbake til byen att etter ei stund.

Å kome heim

Tanken om å bli musikar kom tidleg, og han kan knapt hugse når han byrja å skrive sjølv.

Artikkelen held fram under annonsen.

– I femte klasse deltok eg på Ungdommen kulturmønstring (UKM) med eigen låt som eg hadde skrive på engelsk. Det var skummelt, og eg var livredd då eg stod på scena. Kva har eg gjort nå, tenkte eg.

Simon ler litt, og fortel at han ikkje kom vidare frå den lokale UKM med den låta. Men eit lite søk i VTB sine arkiv viser at det likevel ikkje var siste gong Simon prøvde seg i UKM. Fleire gonger har han markert seg på den lokale scena, og som 16-åring representerte han Telemark i landsfinalen i Trondheim.

Ideane til ny musikk dukkar stadig opp, og inspirasjonen blir vekt av dei mest trivielle hendingar.

– Alt mogleg som skjer kan inspirere meg til å skrive ei låt, for eksempel at det er fint vêr eller ein digg middag. Ideane kjem ofte på upassande tidspunkt, for eksempel når eg er på jobb, og då må eg berre skunde meg å skrive det ned på mobilen. Eg har alt på mobilen. Om eg er på konsert får eg mange idear, og må byrje å synge inn i mobilen. Ofte vil eg berre skunde meg heim for å jobbe med musikken.

Då Simon byrja på vidaregåande byrja han å lure på om han eigentleg ville synge likevel. Det enda med at han la songen på hylla ei stund, og gjekk til jazzen, som kjentes opnare, friare og gav han fleire moglegheiter. Han høyrde stadig meir på hip hop, og den siste tida han budde i Belgia fann han ut at han ville produsere musikk, og det skulle vere hip hop. Men på EP-en som kjem i april er det Simon sjølv som rappar. Vegen dit fann han tilfeldig.

– Ein kompis og eg satt på rommet og spela litt trommer, synth og bass, men trong ein vokal. Eg hadde eitt vers på mobilen, som eg litt på tull prøvde å spele inn. Men det funka, og i løpet av ein time var låta ferdig.

Det er seks månadar sidan, og om nokre knappe veker er EP-en ute. Simon føler at han har kome heim, der han skal vere i musikken.

– Det er gøy å synge, men det er endå meir gøy å rappe. Når ein syng må ein treffe kvar tone, når ein rappar må ein treffe kvar beat.

Artikkelen held fram under annonsen.

Eg er litt lei av alt skal vere så seriøst heile tida.

Humor

Simon har ikkje noko politisk bodskap eller undertone i musikken sin, tvert om.

«Ung appetittvekker»:Simon brukar mobilen som notatblokk når ideane kjem. Her er teksten til singelen han slapp i haust – «Ung appetittvekker».Kakaosimon:Musikken har alltid vore ein del av livet til Simon. Han har vore innom trommer, song og piano, og stod på scena med sin fyrste sjølvskrivne låt då han gjekk i 5. klasse. I desse dagar gjev han ut sin fyrste EP, som artist kallar han seg Kakaosimon.

Då eg var liten digga eg å grave meg ned i vinylsamlinga til pappa.

– Eg vil ikkje skape noko politisk engasjement, men heller vise at musikk ikkje treng å vere politisk. Me har ikkje noko å klage på og eg vil at folk som høyrer på musikken min skal danse og ha det bra, at musikken gjer at du får lyst til å bevege deg. Eg er glad i å tulle, og humor er ein viktig del av musikken min også. Eg er litt lei av alt skal vere så seriøst heile tida.

Simon ler litt, og kjem inn på artistnamnet – Kakaosimon. – Det er litt humor i namnet også. Det blei valt heilt på slump, eg hugsar ikkje kvifor, kanskje det var fordi eg drikk mykje kakao eller fordi eg hadde drikke kakao akkurat den dagen.

Det var i haust Simon bestemte seg for å lage eit album, og han har hatt god hjelp frå sju kompisar som han spelar saman med og som alle bidreg på plata. Dei laga også eit studio heime i kollektivet til to av bandmedlemene. Namnet, Kottet studio, gjev eit signal om at det ikkje er det største studioet, men stort nok til å lage album. Dei har spela saman på den store og kjente scena John Dee i Oslo, og har fått nokre spelejobbar utover våren. Simon håpar også på ein tur til Fyresdal med bandet i løpet av sommarhalvåret, men ingenting er spikra enno. Fyrst skal han slappe av å nyte at debut-EP-en er ferdig, men det blir nok ikkje lenge. Den unge musikaren har nemleg mange planar og idétørke lir han tydeleg ikkje av.

– Eg tenker litt vidare. Det har vore dødsfett å jobbe med EP-en og eg vil gje ut meir dette året, men det må bli til hausten.