Fyresdalrådmannen vil at kommunen skal få eit næringsselskap om det blir samanslåing med Tokke.
Fyresdalrådmannen vil at kommunen skal få eit næringsselskap om det blir samanslåing med Tokke.

«Sidan Tokke får kommunesenteret vil me ha eit næringsselskap»

Fyresdal kommunestyre skal torsdag vurdere eit forslag frå rådmannen om eit krav mot Tokke for å fortsetje forhandlingane om kommunesamanslåing.

Fyresdal og Tokke har hatt fleire forhandlingsmøte saman for å sjå på ei intensjonsavtale med tanke på samanslåing. Det interkommunale forhandlingsutvalet er mellom anna samde om at eit nytt kommunesenter skal vere på Dalen. Noko som ikkje er like lett å bli einige om er ynsket frå Fyresdal om å etablere eit felles næringsselskap i denne kommunen.

Ordførar Erik Skjervagen meiner ein kan finansiere eit slikt selskap ved å la eingongstilskotet på totalt 30 millionar kroner som staten gjev ved samanslåing, bli kapital i nyskipinga. Vidare at dei årlege konsesjonsavgiftene skal bli driftsmidlar i næringsselskapet. I dag får Fyresdal seks millionar kroner årleg frå ei slik avgift, medan summen hos naboen er 9,5 millionar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kompensasjon

Torsdag skal kommunestyret i Fyresdal diskutere om dei skal gå for samarbeid eller jobbe vidare med at kommunen eventuelt slår seg saman med Tokke. I saksutgreiinga til rådmann Ketil O. Kiland blir det vist til ein klar føresetnad frå ordføraren om at etablering av eit næringsselskap i Fyresdal må sikrast med eiga avtale. Det for at eit nytt kommunestyre ikkje lett skal kunne endre både lokalisering og form.

Det ser ut til å vere lita interesse frå Tokke-forhandlarane for å etablere eit slikt næringsselskap. Det er i tillegg reist spørsmål om korleis kommunane skal finne midlar til å dekkje kostnadene ved samanslåing om eingongstilskotet frå staten heller går inn næringsselskapet.

Fyresdalrådmannen tilrår at kommunen får eit næringsselskap. Etableringa er kompensasjon for at nytt kommunesenter blir lagt til Dalen. Om det ikkje er semje om å opprette eit næringsselskap i Fyresdal, tilrår rådmannen at forhandlingsutvalet avsluttar arbeidet med å få til intensjonsavtale, og kommunane avsluttar arbeidet med å få til ei kommunesamanslåing.

Tokke skal ikkje ha opp saka om kommunestruktur før i februarmøtet.