– Elektrolina ved Vest-Telemark vidaregåande skule har vore ein suksess, meiner ordførarkandidat i Tokke, Jarand Felland (Sp) (t.v.), regiondirektør i Statkraft region Aust, Rolf Normann, fylkesordførar Terje Riis-Johansen (Sp), HR Business Partner Statkraft region Aust, Hilde Fjellheim og fylkestingkandidatane Beate Marie Dahle Eide (Sp) og Olav Urbø (Sp).
– Elektrolina ved Vest-Telemark vidaregåande skule har vore ein suksess, meiner ordførarkandidat i Tokke, Jarand Felland (Sp) (t.v.), regiondirektør i Statkraft region Aust, Rolf Normann, fylkesordførar Terje Riis-Johansen (Sp), HR Business Partner Statkraft region Aust, Hilde Fjellheim og fylkestingkandidatane Beate Marie Dahle Eide (Sp) og Olav Urbø (Sp).

– Rett å satse på elektroline

Etableringa av elektrolina ved Vest-Telemark vidaregåande skule møtte mykje motstand. No omtalar Statkraft region Aust etableringa som svært vellykka.

Det var ikkje alle som var like begeistra då den vidaregåande skulen på Dalen oppretta elektroline hausten 2012. Mellom anna uttala dagleg leiar for Opplæringskontoret for elektrofag i Telemark, Gunnar Steen Larsen, at det ville bli vrient å skaffe nok lærlingplassar.

Suksess

Men skulen starta lina etter ynske frå elektrobransjen i regionen. Både Statkraft, Vest-Telemark Kraftlag, Rauland Kraftforsyningslag, Scana Mar El og lokale elektroinstallatørar etterspurde slik utdanning.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me har fått særs godt eigna og kvalifiserte lærlingar frå elektrolina. Dei er gull verdt for oss, og me kan eigentleg ikkje fullrose dette nok, seier Hilde Fjellheim, HR Business Partner i Statkraft region Aust.

– Me forplikta oss til å ta inn lærlingar, og eg vil seie at dette har bore frukter for oss. Det var svært vellykka å starte elektrolina, slår regiondirektør i Statkraft region Aust, Rolf Normann, fast.

Teknisk fagskule

Statkraft har framleis behov for å rekruttere arbeidskraft dei komande åra. Det er eit generasjonsskifte på gang i regionen, og dei siste fem åra har 15 stillingar blitt tekne over av nye medarbeidarar. I tillegg er det oppretta 20 nye stillingar til Statkrafts engasjement i Tyrkia. Det er nemleg regionkontoret på Dalen som styrer kraftverka i Tyrkia.

Vest-Telemark vidaregåande skule har nesten ingen elevar som droppar ut. Det gler fylkestingkandidat Olav Urbø (Sp) (bak t.v.), studieleiar Siv Reidun Einebærholm, rektor Tove Palmork Haavelmoen, fylkestingkandidat Beate Marie Dahle Eide (Sp) (framme t.v.), ordførarkandidat i Tokke Jarand Felland (Sp), fylkesordførar Terje Riis-Johansen (Sp) og avdelingsleiar elektrofag, Glenn Kevin Rue.
Vest-Telemark vidaregåande skule har nesten ingen elevar som droppar ut. Det gler fylkestingkandidat Olav Urbø (Sp) (bak t.v.), studieleiar Siv Reidun Einebærholm, rektor Tove Palmork Haavelmoen, fylkestingkandidat Beate Marie Dahle Eide (Sp) (framme t.v.), ordførarkandidat i Tokke Jarand Felland (Sp), fylkesordførar Terje Riis-Johansen (Sp) og avdelingsleiar elektrofag, Glenn Kevin Rue.

– Det er i hovudsak ingeniørar som har blitt erstatta. Dei næraste åra har me behov for 30 nye medarbeidarar som skal erstatte dei som går av med pensjon. Då er det i hovudsak snakk om folk med teknisk fagskule me er på jakt etter. Men me vil også ha ingeniørar, siviløkonomar og statsvitarar, forklarer Fjellheim.

Fylkesordførar Terje Riis-Johansen (Sp) var saman med ordførarkandidat i Tokke, Jarand Felland (Sp) og fylkestingskandidatane Olav Urbø og Beate Marie Dahl Eide (båe Sp) på vitjing hjå Statkraft denne veka. Dei er glade for å høyre suksesshistoria i kjølvatnet av elektrolina som dei kjempa hardt for å få til.

– Det er vel nokon som bør vedgå at dei bomma då dei gjekk imot arbeidet med å opprette lina her på Dalen. Det var tøft å få vedtaket gjennom, men eg er umåteleg glad for å høyre kva Statkraft fortel i dag, smiler Riis-Johansen.

Ser på desentralisert utdanning

No tenkjer senterpartipolitikarane seg eit desentralisert utdanningstilbod for dei som ynskjer å ta teknisk fagskule. Det er interessant for Statkraft også.

– Eit desentralisert tilbod bør vere høgaktuelt, og dette må vere mogleg å få til, meiner Felland.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er noko me absolutt må sjå nærare på. Me treng litt meir konkretisering av behova som mellom anna Statkraft har før me går vidare. Kan me få til dette vil det bety ytterlegare styrking av kompetansen lokalt, seier Urbø.

– Me ser også på eit slikt tiltak som svært positivt og interessant, legg Fjellheim til.

Det er viktig for Statkraft å skaffe seg mest mogleg lokal arbeidskraft. På den måten vil dei få kontinuitet og stabilitet i arbeidsstokken. Heile Vest-Telemark er eit viktig rekrutteringsfelt for Statkraft.

– Så langt har me fått tak i svært godt kvalifiserte folk. Utfordringa har i enkelte tilfelle vore å skaffe jobb til ektefella, seier Normann.

Har nesten ikkje fråfall av elevar

Vest-Telemark vidaregåande skule har særs gode tal å vise til når det er snakk om elevar som fullfører skulen. Det ligg mykje bevisstgjering bak den framifrå statistikken.

– Me lykkast fordi me har eit elevsyn som er nedfelt i alt me gjer. Me trur på at kvar og ein har noko dei er gode på. Kvar og ein blir sett og teken vare på. Alle tilsette i heile organisasjonen på huset har dette innbakt. Derfor blir det styrken vår, seier rektor Tove Palmork Haavelmoen.

Ho peikar på det tette samarbeidet mellom rådgjevar, helsesyster og dei som har ansvaret for tilrettelagt opplæring som ein viktig faktor. I tillegg nemner ho ungdomsmiljøarbeidaren i Tokke som ein viktig medspelar.

– Tett dialog er viktig. Me løyser eventuelle konfliktar så tidleg som råd. Det er viktig å unngå eskalering av eventuelle problem, forklarer Haavelmoen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg meiner svaret på dropout-problemet er at einingane ofte er for store. Dermed blir det ikkje tid i elevane i den grad som er nødvendig. Det er det enkle svaret på at mange droppar ut. Men det er ingen som vil ha dette svaret, sa Siv Reidun Einebærholm, studieleiar ved den vidaregåande skulen.

– De fortener ros for arbeidet de har lagt ned med tanke på det låge fråfallet av elevar. Særs mange og gode avgangskarakterar vitnar også om ein god skule, noko me veit frå før, sa fylkesordførar Terje Riis-Johansen.

Han rosa også skulen for at dei sette i gang elektrolina, og visa til uttalene frå Statkraft.

– Det er eventyrleg å høyre. Men det er sjølvsagt utfordringar i vente framover også. De har sett i verk mange gode tiltak. De skjønar rolla dykkar i lokalsamfunnet, og er gode til å tilpasse dykk. Me skal gjere det me kan for at skulen skal få best moglege levevilkår i framtida, slo fylkesordføraren fast.