Politiet: – Kollisjon med stein eller bergnabb var årsaka

Den førebelse obduksjonsrapporten viser at skuterføraren som omkom sundag hadde ytre skader i hovudet og brystet. Det melder Varden

– Det ser ut til at dei har køyrd på ein stor stein eller ein bergnabb, opplyser politiadvokat Kjell Ove Ljosåk til avisa.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det var ein passasjer som meldte frå om ulykka etter å ha gått om lag ei mil for å varsle.

Avisa skriv at dei to var på veg til Hovden då ulykka skjedde ved Kvannfjølli i Tokke.

Les også: Frigjev namnet på den omkomne i skuterulykka

Les også: Mann mista livet i skuterulykke i Tokke

Les også: Politiet er bekymra for ukultur