Sigrid Dahl.
Sigrid Dahl.

Politiet er bekymra for ukultur

Politiet er heilt avhengige av gode haldningar for å hindre fleire alvorlege ulykker. Lensmann Sigrid Dahl er bekymra for ukulturen som rår.

Etter dødsulykka i Tokke i helga kjem politiet i Sør-Aust med ei oppmoding ein ikkje kan gje for ofte. 

–  I ljos av den tragiske hendinga søndag 14. april der 30 år gamle Øystein Botne Ringhus frå Vinje mista livet i ei snøskuterulykke, ønskjer politiet å gje uttrykk for bekymring når det gjeld åtferd og tryggleik, seier lensmann Sigrid Dahl i ei pressmelding. 

Artikkelen held fram under annonsen.

Så langt i etterforskinga har politiet fått opplysningar som tilseier at ulykka truleg skjedde søndag ettermiddag/kveld, og at dei involverte var påverka av alkohol. 

– Mannen som blei skada i ulykka er avhøyrt, og sjølv om han var prega har han gjeve eit godt bilde av kva som skjedde søndag, seier Dahl. 

– Den førebelse obduksjonsrapporten av den avlidne tilseier at han døydde av skadar i samband med ulykka, legg Dahl til. 

Framleis farlege haldningar

Dahl seier i pressemeldinga at sjølv om dei framleis er tidleg i etterforskinga så rettar ulykka ljoset mot noko dei har sett mykje av dei siste åra. 

– Denne og liknande hendingar dei siste åra viser at me framleis har haldningar med høg aksept for køyring i påverka tilstand med snøskuter i samband med hyttefestar, og høg terskel for å hindre andre i å utøve ulovlege og risikofylte handlingar. Det er også høg terskel for å kontakte hjelp viss det er fare for liv og helse, vera seg naudetatane eller andre, seier Dahl. 

Dette uroar politiet veldig. Dei viser til at det har vore fleire liknande ulykker i fylket dei siste åra. 

– Fører til dødsulykker

No tryglar dei nok ein gong folk om å ta ansvar for kvarandre. 

– Dei me ønskjer å nå er dei som aksepterer at ein stikk innom hytta og drikk litt før ein køyrer vidare. Naudetatane kjem alltid til å kome for seint, så me er avhengige av at folk passar på kvarandre. Me er heilt avhengige av gode haldningar til å ferdast i fjellet for å hindre alvorlege hendingar. Me har ei robust redningsteneste som stiller opp når det trengst, men me ar avhengige av å bli varsla og at folk tek vare på seg sjølve og kvarandre. Det inneber å hindre risikofylt og helsefarleg åtferd. 

Artikkelen held fram under annonsen.

– Påska er ei tid med stor aktivitet i fjellet. Me vil be alle som ferdast der om å bidra til å stoppe det me oppfattar som ein ukultur, som fører til dødsfall og stor liding for dei som sit att. Politiet tek etterforskinga av desse sakene på det største alvor. Me har ingen fleire å miste, seier Dahl.