Den fjorde dagen rodde me fraa Fjaagesundfolki burt til Jørund Austenaa.

Paa ferd etter folkedikting med Aasmund Vinje

Aasmund Olavsson Vinje (6. april 1818–30. juli 1870)

Gamle Eivinskaas i Watson, Minnesota, han er no paa det 5te tjuge-fortalde meg um daa han rodde Aasmund Vinje upp Fjorane fraa Strengen til Tokkedalen for aa leite etter folkedikting.

Anders er son til Hans Sveinungson Saltevju i Flaabygd (sjaa Telesoga Nr. 20). Han kaupte timber for kaupmennar i Skien og styrde med flotingi ut Fjorane. Der var tri Saltevju. Mor av Anders, Mari, var syster til Per Saltevju, fehandlaren. Anders var med han og dreiv buskapen til fjølls, daa han var gutunge. Soleis vart han kjendt høgt til fjølls, var jamvel hjaa Myllarguten ved Urbø nordi enden av Totak. Ein annan morbror var Anders Haugen, som var gift med ekkja etter Olav Bjørnson i Kviteseid og soleis stykfar til Anders Haukom. Anders Eivinskaas var utlærd til skraddar, og han var eingong paa Tokkedalen og gjorde klæder for Petter Mandt. Han kom til Amerika i 1868 og fekk seg farm nord fraa Watson. Her heldt han norsk skule og var klokkar i 42 aar. Han kunde alle tonane i Landstads salmebok, nere som tri, sa han.

Artikkelen held fram under annonsen.

14 mark og fri kost

Her let eg Anders fortelje: «Det var eingong eg var med far til Strengen. Der møtte me Aasmund Vinje. Far var kjend med Vinje, og dei kom snart i røda um eit og anna. Vinje spurde far, um han kunde faa meg til aa ro seg upp igjenom Fjorane til Dalen. Han baud meg 14 mark og fri kost, og so skulde me skiftast um aa ro og hjelpast aat so godt me kunde. Eg var forhippa paa aa vera med, for 14 mark, de var pæning de for meg. Men far lika kje aa sleppe meg ut, eg var berre 13 eller 14 aar. De var fyrr eg gjekk for presten (dette var vel i 1856 eller 1857). Far var som sagt kjend med Vinje og hadde høyrt aa lese um han, og so let han meg vera med. Vinje vilde inum alle stader etter vegen og tala med folk og skrive upp visur og stev og segnir og sogur.

Me fekk ein lett og god praam og so tok me avstad. Fyrst rodde me til Aaneskarane Kjetil og Gjermund. Der stana me ikkje lengje. Me sette yvi Aanesfjoren til Tekslifolki eller Teigen grenne dei kalla. Der var Olav Gautar og Anne, foreldri til Hans Matiasson, som ei tid budde ved Milan, Minnesota, men no hev flutt til Iowa. Olav kvad nokre stubbar av kjempevisur, som Vinje skreiv ned. Desse kjem eg no ikkje i hug. Eit lite baanevers minnest eg:

Torkel Oftelie, sogeskrivaren til Telesoga.
I Lårdal møtte Vinje dugande felespelarar.
Spjotsodd i Kviteseid.

Ro, ro, min snille gut,

hoss mange fiskar tok dit spjut?

Ein aa halvfjore aa laksen den store,

hogg han i ryggen aa hiv han i baaten.

Ber han so heim,

Artikkelen held fram under annonsen.

te smaabonni paa Seim.

Mot kveldingi rodde me yvi Fjoren fraa Tekslifolki burt til Rørhelle til Hans og Gunlaug. Hjaa desse fekk me eit par kjempevisur. Eg kjem ihug tvo vers, som lyer soleis:

Eg drøymde eg va paa Bertingshall

og slogest mæ tvo bistre løvur.

Dei tok aa trødde meg under seg

og reiv meg sund mæ sine kløar,

De rider mæ meg om ein efta.

Eg totte eg va paa Bertingshall

Artikkelen held fram under annonsen.

og slogest mæ bjønnar tri.

Dei slengde meg rundt i alle krøar

Og reiv meg isund mæ sine kløar.

De rider mæ meg om ein efta.

Hjaa desse snille folki stoppa me um notti. Me fekk rjomegraut um kvelden og um morgonen fersk aure, tunbraud og smør og ost. Ikkje vilde dei hava betaling hell. Daa me skulde reise sa Vinje, at han skulde like aa koma hit att og stoppe ei nott til. «Ja du er velkomen,» sa dei. Me takka og rodde avstad. So var det kvelden og morgonen den fyrste dagen.

Me rodde yvi Kilepollen til Jens Rusodden. Men Jens var 'kje heime. Han var paa Kilelensa hjaa Aalen. Daa for me lenger inn i Kilen, burt til Nils Aal. Daa me kom til lands, vart me vare Aalen stande aa kjava med Jens. Me gjekk burt og daa Vinje hadde helsa paa dei, høyrde eg Jens sa til Aalen, at no hadde han vore husmann av Aalen so lengje at husi var mest fallefærdige, og at Aalen maatte byggje nyt hus til han. «Hosse vil du hava stogo daa?» sa Aalen. «Plent som huse av Aalen ned med Ulefoss vil eg hava ho,» sa Jens. Um ei stund fekk Vinje vera eismal med Jens og skrive upp mange visur og stev, soleis stevi um den vesle gryta i Austenaa (sjaa Tiriltunga) og so dette:

Tapp ut i gyldte bollar,

sa gamle folk om joleøl,

Artikkelen held fram under annonsen.

naar dine fiender vil sovne,

daa er de tid aa vera rædd seg sjølv.

De va berra tvo som budd' unde stuven, den eine va bikkja, den andre va buven.

Den trie morgonen rodde me fraa Mikkel Kilen langs med strondi burt til Øystein og Turi Fiskarbekk og stogga ei liti stund der. Daa dei ikkje ha noko vidare aa fortelje, for me til Gunleik og Kari Lauvik og var der til middags. Vinje skreiv upp fleire visur og segnir. Eg minnest eit vers:

Maandag aa Tysdag sat ei kjering spann,

Onsdag aa Torsdag bar ho sponen fram,

Fredag aa Laurdag drakk ho upp si løn,

Sundagen etter gjekk ho like kjøn.

Artikkelen held fram under annonsen.

Etter middag for me yvi fjorden til Tolleiv og Anne Halland. Der fekk me au noko. Eg minnest dette:

So kom der inn eit bergetroll

aa skreidde seg fram med stolo,

de kallar eg ei sultebikkje,

som sparer paa øl uti jolo.

So var de um daa trolle kom til bonden. Han stod paa laaven og treskte. So brast flyglereimi av, og so spurde han trolle, hott var best å bruke til flyglereimar. «Åleskinsreimar, din domme bonde», sa trolle. «Slikt burde du ikkje spyrja um, men ha du spurt um, hori vatne vert av, naar du bryggjar, de ha vore noko aa fengje greie paa de». So skulde me vente til me fekk mat. «Eg hev kje anna hell gjeitemjaak», sa Anne. «Ja, den likar eg best», sa Vinje. «Eg er upvuksen paa gjeitemjaak.» So fekk me tukkje, og den som god var.

Gjestfrie i Fjågesund

Eg var vel kjend upyvi fjorane, daa eg ha vore med aa flota, fraa eg var 9 aar. Vinje spurde meg, hore eg trudde me kunde stoppe til notti. Eg svara, at me burde reise til Kristoffer Fjaagesund. Dei folki var so gjestfrie og Kristoffer ha fele, dit maatte me. Mot kveldingi rodde me langs med straandi og kom til Fjaagesund. Der vart de rødur. Kristoffer spela fleire slåttar for kon. Maria dotter av Kristoffer kom til Amerika og vart gift med Halvor Steenerson.

Artikkelen held fram under annonsen.

Den fjorde dagen rodde me fraa Fjaagesundfolki burt til Jørund Austenaa. Vinje hadde høyrt, at der hjå Austenaafolki skulde vera seks merkjelege skeiir, som var komne til gards paa ein forunderleg maate. Dette maatte han høyre meir um. So rodde me til lands. Huse stod uppaa ein bakke. Vinje bad meg aa springe upp og beda mannen koma ned; han vilde sitje att i baaten. Eg var lett paa foten og sprang upp og banka paa døri. Kjeringi kom ut og bad meg aa koma inn. Daa eg spurde etter mannen, ropa ho paa Jørund, og straks etter kom han inn fraa koven, ein liten tasse med djupe gnistrande augur. Han sette seg beint framfyr meg og la baae føtane uppaa fange mit. Eg kvakk og vilde upp, men mannen sa: «Ver ikkje rædd, guten min, eg ska kje gjera deg noko. Hott er de du vil daa, far min?» Eg fortalde de og sa der var ein mann ute, som vilde tala med han, han sit ned i praamen og vil du skulde koma ned til han». Daa eg fortalde at de var Aasmund Vinje, sa han: «Nei, de er no vel ikkje diktaren», og so gjekk han ned til han.

Naar dei ha helsa og rødt ei liti stund um slikt som fell seg, spurde Vinje um dei mægjetne skeiine, han hadde høyrt um og sa han vilde like aa faa sjaa dei. So gjekk me upp i tune og inn i stoga og fekk sjaa spønine, og so fortalde Jørund segni um dei. Slik som de er meg fortalt, so gjekk de soleis til: Langbestefar min Greggar aatte garden, daa han kom hit. De fyrste aari han var her skjerna aakeren so fort, og han fælte reint for at korne vilde dette ned fyrr dei fekk skjera de. So kom han paa, at han vilde gjera ein skuredugna og beda til seg heile grenni for aa hjelpe seg aa bergje avlingi. Dei bryggja og baka og stelte seg til dugnaden. Um kvelden, daa dei ha fengje øle paa tonna, og ho var dyrjande full, gjekk Greggar ut paa tune so svint. Daa høyrde han noko rusla burt i aakeren. Han stod og lydde ei stunde, og so høyrde han tydeleg ein som sa: «Statt ikkje strak, statt ikkje strak, skjer aa rak, skjer aa rak!» Eit anna mæle sa:

«Kjeringi vilde koke kaffe, men me ha so nylege ete og drukkje, at me baud av.»

«Huk kje aa sit, huk kje aa sit!» Endaa ein svara: «Gjer du dit, so gjer eg mit, Gjer du dit, so gjer eg mit».

Daa han kom burt til aakeren, saag han, at den var skoren og sett upp paa staur. Daa saag Greggar, at tussane var flinkare hell han ha vore. Daa han kom inn i tune att, var der ein myldrande flokk umkring honom, og kor dei kom fraa kunde han ikkje faa greie paa. Dei bukka og helsa og ynskte han til lukke paa garden. So var de ein som sa: «Me saag denne fine bygaakeren din og fælte for, at grøda vart øydelagd, dersom ho ikkje vart skori, fyrr de fæle uvere kjem.» Daa takka Greggar dei, for de dei ha gjort og baud dei inn aa faa øl og mat. Han tappa i den eine bollen etter den andre, og dei aat og drakk og var lystuge. So kom ein fram med ei fele og tok til spela og alle saman til aa danse, og de heldt dei paa med til soli spratt paa fjøll, men daa kom dei burt, og daa var tonna tom og maten upeten.

Fyrr dei byrja med dansen var de ein av dei som steig fram og sa til Greggar: «No er de hundre aar sea, me hev havt slik moro paa denne garden. No vil me lata etter kon eit minne um denne gama-notti. Her hev me 6 sylvspønir, desse skal Greggar og kjeringi faa til eit minne etter okko.» Slik var de, at desse spønine kom hit, sa Jørund. Han hadde dei i ein ullduk med sylvspenne rundt. Vinje syntes dei var vene. Han saag vel paa dei og fann eit vers inkrota mest paa kvar ei. Eg synest minnast de stod paa ei av dei: «Gulbring Sjerte, Gud trøste og bære mit bedrøvede hjerte.»

Um morgonen den 5te dagen reiste me derifraa til Grotnesfolki, Bjørgulv og Else. Dei var fegne, daa me kom. «De er so sjella nokon hev kome te meg, dei aari eg hev livt her», sa Bjørgulv. Vinje skreiv upp mange gamle stev, men alle saman stend i «Tiriltunga», ser eg. Me stoppa ei nott hjaa Svein Lia, men han hadde ingenting av gamalt for Vinje. Hjaa Jon Lindestad dagen etter fekk me fleire sogur. Neste kvelden kom me til Eirik Spjotsodd og var der um notti og her fekk Vinje baade segnir og stev.

Ville ha rjomegraut

Um morgonen den sjuende dagen for me fraa Spjotsodd til Knut Søteflot, men Knut var kje heime og so rødde me berre innum. Kjeringi vilde koke kaffe, men me ha so nylege ete og drukkje, at me baud av. Me reiste til Samuel Strømstad og Anne og kom der til middags. Samuel var daa so gamal og gløymsken, at han kom kje paa noko for Vinje. Kjeringi spurde, um me vilde hava fisk til middags; men Vinje vilde helst hava rjomegraut, og det fekk me au og den som god var. Derifraa rodde me til Apalstoi, der de er bryggje for Einbaaten. Vinje maatte upp til Roeid og helse paa gamlefuten Florentz. Vinje rødde mykje med han, eg minnest han var fælt gamal. Mathias var kje heime. Me laag um notti hjaa Hans Apalstoi; men loppune heldt meg vakjen heile notti.

Um morgonen den 8te dagen rodde me til Gullnes, yvi ei norsk mil. Der budde Hans Solberg. Eg minnest han rødde um hosse fælt de var aa ro straumane. De var eingong han hadde vore til Sundbygdi, der Wohl hadde landhandel og bakeri og kaupt heim matvare. Han hadde med seg so mykje brø for Kjetil Majorlie. Paa heimvegen kom der so fælt uver paa meg, at eg maatte liggje i tvo dagar paa Bjønnehetta. Der aat eg upp alt brøe av Kjetil. Du veit me er alle Adams born, la han til. Me stoppa hjaa Gullnesen um notti; men han var so gudeleg av seg, at me fekk kje anten stev eller sogur. Han syntes vist Vinje var fælt ugudeleg, som for etter slikt. Daa de leid paa kvelden tok han til syngje og beda, og de heldt han paa med mest heile notti. Daa Vinje hadde lydt paa de ei stund, sa han stilt med meg: «Eg skulde ynskje de var morgonen, so me kunde fara herifraa.»

Sel ikkje hesten for gull

Den 9te dagen kom me til Bandaksli utpaa ettermiddagen, men Gunnar og Hæge hadde ikkje mykje av de Vinje var ute etter. Me reiste til Herman Trisæ og laag der um notti og der kan du tru de var rødur. Herman Trisæ hadde ein svart hest, som var so makalaus skjot te springe. Um veten, naar isen laag blank paa Bandak, daa var de moro aa elte skrubben paa isen. De var i skrubbetidi. «So snart eg ser ein skrubb», sa Herman, «so selar eg paa Svarten og kjøyrer etter han, og de tek kje lengje, fyrr eg er jamsides eller fyri, og so gjev eg skrubben eit godt drag yvi smalryggen med ein lond, so han rullar burtyvi isen. Naar han ris upp att, kan han kje faa bakbeini med seg. Daa er de lett aa gjera de av med han». Han synte kon fire fellar av skrubbeskinn og ein fin pels han ha gjort og ein heil haug av nyare skinn. «Alle desse hev Svarten hjelpt meg te fengje fatt i. Den hesten vil eg kje selje for gull», sa Herman.

Eg minnest ein annen fortalde, at med den hesten hadde Triseten kjøyrt fraa Laardal til Skien, 10 norske mil, paa 8 timar. Ein vetter laag Triseten paa marknaden i Skien og kapkjøyrde ei heil viku. Han tok de yvi lang dei fyrste dagane, men den seinste dagen, daa de galt paa, reiste Herman seg i sleden og gav Svarten eit dugeleg drag med svipa og sa, no Svarten gjeld de ei skjeppe havre, og daa kjøyrde han forsyne meg so, at Svarten sprang forbi alle fritraavarane og vann fyrstepris paa heile marknaden.

I Laardal raaka Vinje Myllarguten og Napperen. Dei sat kapspela i klokargaren, eller Sjøbudi kalla dei de vist au. No var eg fælt glad i spele, og de veit me alle Vinje var. Dei spela kvar si gong, fyrst Myllaren og so Napperen same slaatten. So byttes dei um, Napperen spela fyrst ein slaatt og so Myllaren same slaatten. Eg minnest Myllaren sa: «Du hev kje rette toki der, Olav, eller du fær kje den rette daamen i fela di enno Olav, men du maa halle paa.» Dei spela lengje. Vinje sat og drøymde, og eg syntes, eg mest kunde graate, so fint spela Myllarguten, fortel Anders. Han er sjølv ikkje so lite av ein spelmann. Sea høyrde han Myllarguten paa Tokkedalen, daa han var der aa sauma og gjorde klæder for kaptein Olsen og Petter Mandt. Myllaren var godt kjend med far av Anders, Hans Saltevju, som var gastgivar, og der var Myllaren tidt. Kaptein Kjerulf budde tett inmed og kom mest jamt, naar Myllaren var der. «Eg hev høyrt mykje spel, sa Kjerulf, men eg hev aldri høyrt maken til spele av Myllarguten.»

Løyste gåter

Me laag paa Trisæ um notti, og um morgonen for me yvi fjoren til Osmund Haugehommen. Han spela og litt for oss, men han var kje nokon speleman, sa han. Han ha no vore burt i Laardal og høyrt dei beste spelemenn i Telemarki, og der var speling, so ein kunde bli forvilla.

Vinje spurde etter folkedikting. Jau han kunde nokre gaatur og no vilde han høyre um Vinje kunde løyse dei. Eg trur han løyste alle so nere som ei: Hott er de som er heitare hell heitt, og hott er de som er feitare hell feitt? – Soli, jordi.

Hott er de som tyt og aldri tiger, og hott er de som andelaus liver? – Fossen, fisken.

Hott er de som dekkjer stein, og hott er de som pryr ei grein? – Snjoen, lauve.

Hott er de som dekkjer dalar, og hott er de som pryr salar? – Skoddi, bruri.

Hott er de som gjer vatne vidaste, og hott er de som gjer bruri blidaste? – Regne, øle.

Hott er de som gjer brui breidaste, og hot er de som gjer mannen leidaste? – Isen, øle.

Daa me sa farvel med Haugehommen, rodde me heilt til Tokkedalen, der raaka eg far. Der skildest eg med Vinje. Eg trur, han reiste upp til Eidsborg og kanskje upp i Vinje.

Eg minnest so vel den turen.

Ei forvitneleg ferd på Telemarksvassdraget

Telelaget i Amerika vart skipa i 1907. På skipingsmøtet vart det valt styre, og Torkel Oftelie, som hadde utvandra frå Høydalsmo i 1886, vart vald til soguskrivar. Straks etter sette han i gang med det som skulle bli Telesoga. Torkel var soguskrivar i laget fram til 1926, og i alle desse åri reiste han kringom og vitja telemarkingar som hadde kome til det nye landet. Han rødde med dei, fekk dei til å fortelje om seg sjølve og bakgrunnen sin, og om hendingar og minne frå gamlelandet. Telelaget og Telesoga vart viktige institusjonar som heldt uppe sambandet med Noreg og den norske kulturarven.

Ein av dei mange som Torkel Oftelie vitja på reisune sine, var Anders Eivindskaas. Han var fødd på Eivindskås, plass under Sundbø i Flåbygd, 4. november 1843, og seinare døypt i Kviteseid kyrkje. Foreldri hans var Hans Sveinungsson og Børte (ikkje Mari, sjå nedanfor) Hansdotter fødd Saltevju. Anders reiste til Amerika i 1868, og året etter gifte han seg med Bergit Torjusdotter Haugen frå Skafså (Mo bygdebok II side 228). Dei fekk mange born saman. I Telesoga nr. 20, som kom ut i juli 1914, hev Oftelie fortalt om møtet med Anders.

Her vil eg ogso nemne at Anders hadde ein bror, Halvor, som slo seg ned på Dalen, der han «dreiv» lensa. Han kaupte garden Haugen i Nordbygdi i Skafså, og budde der ei tid. I godt lag kalla han seg gjerne Haugebonden. Son av Halvor, Hans Haugen, reiste til Amerika i 1902, 22 år gamal, og vart ein kjend personlegdom i det norske miljøet der, m.a. som spelemann.

Torkel Oftelie råka Anders Eivindskaas seinare ogso, og omkring 1924 fortalde han om då han som gutunge hadde fylgt Aasmund Vinje upp gjennom Telemarksvatni frå Strengen til Dalen for å leite etter folkeminne. Eg fekk ein kopi av dette stykket av Tarjei Romtveit, den kjende spelemannen i Vinje, alt i 1999. Seinare fann eg same stykket i «Aarbok for Telelaget» for 1926. Sidan me no er inne i jubileumsåret for Aasmund Vinje, tenkte eg det kunne vera eit høveleg tidspunkt å draga det fram. Eg vil tru at stykket er lite kjent millom folk i dag. Likevel trur eg at mange som les det, vil nikke attkjennande til stader og menneske som er omtala her.

Arne T. Aabø