Slik såg det ut då Magnus Krog tok bronse i OL. (Skjermdump frå TV2)
Slik såg det ut då Magnus Krog tok bronse i OL. (Skjermdump frå TV2)

Olympisk medalje etter fantomlangrenn

«Skjer dette?», tenkte Magnus Krog då ein etter ein måtte gje tapt i kampen om den olympiske bronsemedaljen i Sotsji.

Magnus Krog (26) kunne strekkje armane i vêret etter å ha spurtslått Alessandro Pittin frå Italia i kampen om bronsemedaljen. For fyrste gong kunne dermed ein vesttele onsdag ta steget opp på ein olympisk sigerspall i ein individuell konkurranse.

– Dette er fantastisk stort. Eg fekk nesten frysningar på ryggen i den siste bakken då ein etter ein datt av, og tenkte «skjer dette»? Det er lenge sidan eg har hatt så vondt, men eg klara å halde fokus og banke til inn til mål, sa ein fornøgd medaljevinnar til TV2 etter løpet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han la til at han har hatt mål om ein individuell olympisk medalje.

– Det har eg klara alt. Då blir resten av meisterskapen berre moro, gliste bronsemedaljøren.

Klinte til frå start

26-åringen frå Høydalsmo fekk betalt for eit fantastisk langrenn. Han gjekk ut eitt minutt og tre sekundar bak Eric Frenzel frå Tyskland som leia etter hopprennet. Men den fyrste målinga viste at Krog gjekk «all in» for ein medalje. Han hadde raskt kontakt med gruppa som jakta leiarduoen Frenzel og japanaren Akito Watabe. Alt etter 1,5 kilometer hadde han tatt inn 20 sekundar. Halvvegs var han berre 21 sekundar bak, og etter 6,5 kilometer skilde det berre 13 sekundar mellom tetduoen og Krog og dei andre i gruppa som fylgde. Mot slutten viste han fram kjempekreftene, det var berre Pittin som klarte å halde fylgje i den siste bakken. Men Magnus Krogskulle ha medalje. Det måtte italienaren bare akseptere.

«Nervune i høgspenn, umaugleg å slappe av ein times tid før langrennet. Kjenner eg lev førr å sei det slik. Nå er det bare å gje full gass i løypa og satse på at sveisen psykar ut konkurrentane», meldte Magnus Krog på Facebook mellom hopp- og langrennet. Halvannan time seinare hadde han tatt olympisk bronsemedalje i Sotsji.
«Nervune i høgspenn, umaugleg å slappe av ein times tid før langrennet. Kjenner eg lev førr å sei det slik. Nå er det bare å gje full gass i løypa og satse på at sveisen psykar ut konkurrentane», meldte Magnus Krog på Facebook mellom hopp- og langrennet. Halvannan time seinare hadde han tatt olympisk bronsemedalje i Sotsji.

Lagkameratane var også glade for at Krog sikra den fyrste norske kombinertmedalje i OL sidan 2006.

– Han har lov til å sjå ut som ein tulling i dag, kommenterte ein glisande Mikko Kokslien til TV2 om den hårfine høysekken i raudt, kvitt og blått.

Gjorde sitt beste hopp

– Eg trur det blir eit vanvittig tett løp med mange løparar samla. Då må ein posisjonere seg bra. Eg skal gå som pokker, eg, uttala Krog til TV2 etter hopprennet. Krog var best då det galdt i hoppbakken onsdag. På trening var lengstehoppet 94,5 meter, men han hadde også nokre hopp under 90 meter. Han kom likevel gjennom nålauget og blei valt på laget framfor Jørgen Graabak. I konkurransen klinte Krog til med 97 meter. Det heldt til 20. plass før langrennet.

Knut Tore Apeland frå Haukeli har 10. (Albertville i 1992) og 11. plass (Lillehammer i 1994) frå dei individuelle OL-konkurransane. Jan Rune Grave frå Vrådal reiste heim frå Salt Lake City i 2002 med 24. og 26. plass.

Tysdag er det ny konkurranse for kombinertløparane i storbakken. Torsdag er det lagkonkurranse.

Artikkelen held fram under annonsen.

Nervar i høgspenn:«Nervune i høgspenn, umaugleg å slappe av ein times tid før langrennet. Kjenner eg lev førr å sei det slik. Nå er det bare å gje full gass i løypa og satse på at sveisen psykar ut konkurrentane», meldte Magnus Krog på Facebook mellom hopp- og langrennet. Halvannan time seinare hadde han tatt olympisk bronsemedalje i Sotsji.

(Foto: Magnus Krog)