I Vest-Telemark blei det både i 2016 og 2017 hogd over 160 000 kubikkmeter tømmer gjennom AT Skog, noko som tilsvarar over 4 000 tømmerlass årleg.
I Vest-Telemark blei det både i 2016 og 2017 hogd over 160 000 kubikkmeter tømmer gjennom AT Skog, noko som tilsvarar over 4 000 tømmerlass årleg.

Nytt godt hogstår i regionen

Som i 2016 blei det i Vest-Telemark i fjor hogd over 160 000 kubikkmeter tømmer levert gjennom AT Skog. Den store interessa for hogst i regionen held fram utover denne vinteren og våren.

I 2016 blei det levert nesten éin million kubikkmeter tømmer gjennom AT Skog. Over 165 000 kubikkmeter kom frå Vest-Telemark, ein auke på 19 000 frå 2015.

– 2017 blei også eit godt hogstår i Vest-Telemark, konkluderer fyresdølen Olav Inge Nordbø, den eine av tre skogbruksleiarar som AT Skog har i regionen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det meste av det som blir avverka i Vest-Telemark går gjennom AT Skog sitt system. Tømmerleveransen frå regionen i fjor blei på nesten 163 000 kubikkmeter, og for heile AT Skog er talet 1 025 000 kubikkmeter.

– Det er eitt av det betre åra i AT Skog si historie frå 2001, seier Nordbø.

Nye planar aukar aktiviteten

Hogsttala frå kommunane i Vest-Telemark er som vanleg sprikande, men viser på same tid at i fjor var det ein stor auke i kvantumet i kommunar som har lege lågt tidlegare. Avverkinga i Seljord blei nesten dobla, og prosentauken i Vinje og Kviteseid var også veldig høg.

– Kviteseid byrjar å kome der dei bør vere, seier Nordbø om at talet auka frå 21 059 føråret til 34 604 i fjor. I Seljord blei det hogd 20 203 kubikkmeter, mot 11 360 i 2016.

– Skogeigarane i Seljord og Kviteseid fekk nye driftsplanar i fjor, og slikt fører ofte til auka aktivitet i ungskogpleie, avverking og anna, seier Nordbø.

Dei tre åra før 2017 blei det årleg hogd i snitt 39 000 kubikkmeter i Fyresdal, medan talet i fjor kom ned i 22 559. Nordbø trur det låge resultatet kan vere ein «reaksjon» etter veldig god avverking åra før.

Gode tømmerprisar

I fjor var ni–ti hogstmaskiner i aktivitet gjennom året i Vest-Telemark.

– Dei hadde fullt opp å gjere heile tida, og slik er det framover også. Det er stor interesse og pågang for tømmerdrift, så dei som ynskjer å få hogd tømmer i vinter må forte seg å seie ifrå, seier Nordbø.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Kvifor er interessa så stor for å hogge?

– Tømmerprisane går rette vegen, og dei er generelt bra nå. Vidare er det god avsetting på alle tresortiment, og det er slik me gjerne vil ha det, svarar Nordbø.

AT Skog sitt kontor i Høydalsmo har blitt styrka med éin ekstra skogbruksleiar, slik at dei nå er to der.

– Det var nødvendig på grunn av all aktiviteten i skogen, og stillinga har gjeve resultat, seier Nordbø.

Han minner til slutt om det med å få opp att ny skog:

– Me oppmodar folk til å bestille planter for å få dei ut til våren.

Hogsttal i Vest-Telemark

Tømmermengde levert gjennom AT Skog i fjor, tal for 2016 i parentes:

Nissedal 35 490 kubikkmeter (42 249)

Artikkelen held fram under annonsen.

Fyresdal 22 559 kubikkmeter (41 101)

Tokke 23 867 kubikkmeter (33 271)

Kviteseid 34 604 kubikkmeter (21 059)

Vinje 25 941 kubikkmeter (16 819)

Seljord 20 203 kubikkmeter (11 360)