Arbeidstilsynet er overraska over å ha avdekka så store manglar med å ha papira i orden i Holtardalen. (Arkivfoto)
Arbeidstilsynet er overraska over å ha avdekka så store manglar med å ha papira i orden i Holtardalen. (Arkivfoto)

Ny rassia i Holtardalen

Tiltaket var del av ein felles aksjon mellom alle desse etatane over to dagar på fleire utbyggingsfelt fleire stader i fylket. Men ikkje berre det: Dei same to dagane var det tilsvarande aksjonar også i Buskerud, Vestfold og Agder-fylka, opplyser kemnaren i Grenland, Jonas Resare, til VTB.

– Dette er eit samarbeidsopplegg som ikkje berre skal vere eit blaff men skal vere operativt ved behov. Vi har tidlegare hatt tilsvarande aksjonar retta mot bilpleiefirma med alvorlege funn. Vi vil framleis ha fokus på bilpleiebransjen og byggbransjen, arbeidskraftintensive bransjar, seier Resare.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kontrollerte 210 arbeidarar

I den førebels oppsummeringa etter aksjonane skil ein ikkje mellom resultata frå dei byggplassane som vart kontrollert. I heile Telemark vart 48 byggplassar kontrollert, 104 næringsdrivande vart kontrollert og 210 arbeidstakarar vart kontrollert. 96 av dei siste mangla byggkort og 61 personar var ikkje innmeld i arbeidsgjevar og arbeidstakarregisteret. Det er svært mange, seier Resare.

I tillegg vart ein byggeplass stengt og politiet pågreip fire personar som ein meiner er ulovleg i landet, opplyser Resare.

– Vi trur mange av arbeidstakarane har for låg løn. Vi vil no arbeide vidare med dei funna vi har gjort, legg han til. Han gjev også ros til dei lokale politipatruljane som deltok under kontrollane i Vinje.

– Inspeksjonane er den lette delen av jobben. Det er no når vi skal gjennomgå og kontrollere papir og dokumentasjon at det verkelege arbeidet startar, seier seniorinspektør Gunn Gjevestad i Arbeidstilsynet til VTB.

Mangla HMS-kort

Ho seier at det ved inspeksjonen i Holtardalen var overraskande mange arbeidstakarar som mangla gyldige ID-kort eller HMS-kort som det no heiter. (ID: indentifikasjon; HMS: helse, miljø og tryggleik).

Det blir nå gjeve tre vekers frist til å skaffe gyldige HMS-kort. Samstundes blir det sendt varsel om stenging av tiltaket om ikkje papira er i orden innan fristen.

Gjevestad seier at Arbeidstilsynet er overraska over at det er så store manglar med å ha papira i orden, inkludert HMS-kort, når det har vore vedvarande kontroll og påpeiking av slike forhold år etter år.

Ei mogeleg forklaring kan ifylgje Gjevestad vere at det kan vere svært stor utskifting av arbeidstakarar på desse byggeprosjekta. Arbeidarane er alle utlendingar, vesentleg frå Litauen og Polen.