– Det kan godt hende det var dette utsynet som Vinje tenkte på då han skreiv diktet, etter han såg Rondane for fyrste gong, fabulerer Ragnvald Christenson.

«No ser eg atter slike fjell og dalar»

Ragnvald Christenson meiner A.O. Vinjes mest kjende dikt kan sporast til Grungedal.

– Han arbeidde som omgangskulelærar i Grungedal i ungdomen. Men då han ikkje fekk stillinga som klokkar i Vinje kyrkje vart han så skuffa at han reiste og kom aldri attende, seier Christenson.

– Han var ein fjellets mann, og det går an å tenkje seg at han fann att dei same fjella i Jotunheimen og Rondane som han «i sin fyrste ungdom såg». Eg har ikkje noko belegg for dette men det kan jo tenkast at då han kom til Rondane og sette seg ned for å dikte, så kunne tankane falle til heimstaden og desse fjella, seier Christenson.

Artikkelen held fram under annonsen.

Olav Vesaas skriv i Vinje-biografien «Ein tankens hærmann» om då Vinje skreiv dette diktet.

– Mange har peika ut ulike stader der Vinje skulle ha fått inspirasjon til dette mest kjende diktet sitt. På den såkalla Vinjevegen frå Koppang til Storfjellseter er det reist ein minnestein, men om det var akkurat der han vart inspirert, kan vel ingen slå fast, skriv Vesaas.

«No seer eg atter slike Fjøll og Dalar

Storegutvollen i Bordalen er no neddemd etter den store Tokkeutbygginga. Det var her den verkelege Storegut, Olav Olavsson Edland, forsvann.

som deim eg i min fyrste ungdom saag,

og sama Vind den heite Panna svalar;

og Gullet ligg paa snjo, som fyrr det laag.

Det er eit Barnemaal, som til meg talar,

og gjer meg tankefull, men endaa fjaag.

Artikkelen held fram under annonsen.

Med ungdomsminni er den Tala blandad:

Det strøymer paa meg, so eg knapt kann anda»

– Han var ein mann som sto for det han sa. Det er også talande for personlegdomen hans at når han skulle bygge seg hytte i Jotunheimen skreiv han kontrakten på rim. Han eigde denne i lag med tre andre, og det var difor høveleg med ein skrifteleg kjøpskontrakt. Det viser at han var ein ordsmed kor han var eller kva han stelte med, seier Christenson.

Eit vers i «Pantebrev» lyder slik:

«Eg tri fekk med meg til det byggjeverk,

men endaa er min pung so lite sterk,

at ikkje eg, som er ein avsett kar,

kann løysa inn min pant i denne gard.

Artikkelen held fram under annonsen.

Fem dalar hadd´ eg: so var pungen tom,

og fem og tjuge er den heile sum.»

Eit av Vinjes mest kjende verk er diktsyklusen «Storegut» som er basert på sogene omkring Olav Olavsson Edland.

Olav Vesaas skriv i «Ein tankens hærmann» at sogene om Storegut var velkjende i Vinje-bygda då Aasmund voks opp.

– I forteljinga om Storegut er Vinje diktar, ikkje historikar, « Mangt er forgyllt og gjort større eller mindre, en det var», siterer Vesaas, frå Rikard Berge si omtale av verket.