Naturvernforbundet misnøgd med Høgres vasskraftplanar

(NPK-NTB): Høgres programkomité går inn for å byggje ut meir vasskraft. Det fell ikkje i god jord hos Naturvernforbundet.

Energipolitikar Tina Bru i Høgre understrekar at programforslaget ikkje er noka blankofullmakt, men opnar for «skånsam utbygging i nye vassdrag så framt viktige verneinteresser blir tekne omsyn til», skriv Klassekampen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Små grep i nokre vassdrag kan gi mykje kraft. Derfor vil vi i nokre tilfelle opne for utbygging, seier Bru og omtalar forslaget som «ei lita liberalisering».

– Dette er vi ikkje glade for, seier leiar Silje Ask Lundberg i Naturvernforbundet. Ho meiner klimaproblema ikkje kan løysast ved å byggje ut norske vassdrag. Forbundet hennar har kjempa mot slik utbygging i 100 år.

To tredelar av norske vassdrag er bygde ut, og sju av dei ti største fossane ligg i røyr. Generasjonane som kjem etter oss, skal kunne få oppleve den unike, norske naturen, seier Lundberg.

Bru er einig i at vern er viktig, men meiner det også må finnast insentiv til å satse på næringsutvikling. Ho seier også at det viktigaste grepet for å byggje ut fornybar energi er å ruste opp eksisterande kraftverk.