1. juli opnar miniatyrversjonen av Telemarkskanalen. Formidlingsansvarleg Tilman Hartenstein (t.v.), prosjektleiar Karl Endre Bjerk og museumsdirektør Dag Rorgemoen gler seg.
1. juli opnar miniatyrversjonen av Telemarkskanalen. Formidlingsansvarleg Tilman Hartenstein (t.v.), prosjektleiar Karl Endre Bjerk og museumsdirektør Dag Rorgemoen gler seg.

Minikanalen formar seg

Telemarkskanalen i miniatyr tek form på tunet utanfor Vest-Telemark museum i Eidsborg. Om ein månads tid kan publikum bli med på ei reise i vassdraget.

Det blei tidlegare i vår utlyst namnekonkurranse i samband med bygginga av kanalmodellen. Så langt har det kome inn over 20 framlegg, men nokon vinnar er førebels ikkje kåra.

– Me takkar for bidraga, og målet er at namnet skal vere klart før me opnar den nye attraksjonen 1. juli, smiler museumsdirektør Dag Rorgemoen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ynskjer planter

I tillegg til kanalen blir også tunet rundt pussa opp. Ei husmannsstove blir vøla, og no ynskjer museet innspel og tips om kva dei bør plante på området langs kanalen og rundt husmannsstova. Det er også ynskeleg å lage ein liten hage rett ved den gamle stova.

– Me ser for oss ein hage med prydog bærbuskar. Kanskje nokre staudar. Mest av alt ynskjer me oss gamle sortar, seier Karen B. Jensen, planteansvarleg ved museet.

Dei vil gjerne ha kontakt med nokon som kan dele kunnskapane. Jensen tek også gjerne imot planter om det skulle høve. Ho meiner det er viktig med hardføre planter som gjerne tek seg godt ut, men at det er anlegget som skal vere hovudattraksjonen, ikkje plantene.

– Det er bra om dei er lettestelte også. Og dei må sjølvsagt tole klimaet i Eidsborg. Om ingen har slike planter, vil me gjerne vite kvar me kan få tak i slike, altså planter som var vanleg i tidlegare tider, oppmodar Jensen.