Ein person har mista livet i ei skuterulykke i Tokke.
Ein person har mista livet i ei skuterulykke i Tokke. Foto: Tone Tveit

Mann mista livet i skuterulykke i Tokke

Politiet stadfestar at ein mann har omkome i ei skuterulykke i Tokke måndag føremiddag. 

Det var klokka 11.06 politiet meldte om skuterulykke i området Kvannfjølli/Gråsteinvatn i Tokke.

Ambulansehelikopter, Seaking og frivillige med skuterar var då på veg inn på fjellet. 

Personen som meldte frå om ulykka skal vera lettare skadd og blei tatt hand om av ambulansepersonell. 

Til TA seier operasjonsleiar at det er uklart når ulykka har skjedd, men at mannen som er lettare skadd kom seg ned til Botndalsvatnet og fekk meldt frå om ulykka.