Mann med kniv på Seljord skule

Torsdag blei ein mann i 20-åra observert med kniv i skulegarden på Seljord skule. Politiet vart kontakta, og kom til staden etter berre nokre minutt. Pågripinga var raskt over og gjekk føre seg utan dramatikk.

Kommunen opplyser at dei yngste elevane som var på SFO var på baksida av bygget på hendingstidspunktet. Dei blei henta inn av lærarar og oppfatta ikkje situasjonen. Dei eldste elevane var i klasseromma på tidspunktet, og vart ikkje omfatta av situasjonen i skulegarden.

Artikkelen held fram under annonsen.

Fredagsmorgon blei alle elevane informerte om hendinga av lærarane, og alle fekk med informasjon heim til sine føresette, melder kommunen.

Ifølgje politiet truga ikkje mannen nokon og han har i ettertid beklaga hendinga.

Han blir meldt for ulovleg bering av kniv på offentleg stad.