Barnehagen i Øyfjell fekk besøk av leiar i Vinje mållag, Olav Nordstoga, som til stor glede frå dei små fortalde eventyret om Geita i erteåkeren.
Barnehagen i Øyfjell fekk besøk av leiar i Vinje mållag, Olav Nordstoga, som til stor glede frå dei små fortalde eventyret om Geita i erteåkeren.

Mållaget fokuserer på barna

Barnehagen i Øyfjell fekk høyre om kampanjen «Gjennom ord blir verda stor» tysdag. – Me ynskjer å sikre at nynorsk blir bruka i alle landets barnehagar, seier nestleiar i Noregs mållag, Jens Kihl.

Tysdag var nestleiar i Noregs mållag på besøk i Vinje barnehage og Øyfjell barnehage.

– Hei, jeg heter Jens Kihl og er nestleder i Noregs mållag, helsa Oslo-guten dei tilsette på oppvekstsenteret i Øyfjell.

Artikkelen held fram under annonsen.

Litt overraska blei øyfjellingane over målet til Kihl.

– Korleis kan det ha seg at ein kar som snakkar kav bokmål er ihuga målmann som kjempar for nynorsken. Kvar kjem du frå, undra Sindre Hestdalen, oppvekstsjef ved Øyfjell oppvekstsenter.

– Eg kjem frå Ullevål hageby. På vidaregåande tok eg eit standpunkt om å velje nynorsk som hovudmål og sidan har eg ikkje vurdert å byte til bokmål att. Eg har tidlegare vore leiar av Norsk målungdom, før eg fekk vervet som nestleiar i Mållaget, smiler Kihl som i desse dagar besøkjer barnehagar for å fortelje om Mållagets nye storsatsing.

På dei to besøka i Vinje tysdag hadde Kihl fylgje av leiar i Vinje mållag, Olav Nordstoga.

– Eg klarar fint å lese nynorsk for barnehagebarn i Oslo, men her i Vinje ville eg gjerne ha med Olav Nordstoga, seier Kihl.

Oppleve nynorsk

Mållaget vil at barn i heile landet skal oppleve både nynorsk, bokmål og ulike dialektar i barnehagen. Dei meiner det er ei styrke å bruke heile det språklege mangfaldet som ein finn rundt i barnehagane.

– Samfunnet endrar seg, og me ser kor viktig barnehagen er. Sidan stort sett alle barn i dag er innom barnehagen, har han fått ein annan funksjon. Både departementet og barnehagane har blitt meir fokuserte og bevisste på språkopplæring. Difor har også mållaget nå kome på banen med ei barnehagekampanje, fortel Kihl.

Han meiner at dette er eit forsøk på å gjere nynorskverda større.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Om ein har nynorsk som hovudmål eller sidemål vil ein møte språket. Eg trur at det har effekt om nynorsk er noko som er kjent og trygt alt frå barna er små. Det er veldig bra for barna, seier Kihl.

I gang

Barnehagekampanjen «Gjennom ord blir verda stor» er mållagets sin nye satsing. Det er produsert mykje gratis materiell som er retta mot barnehagetilsette, føresette og barna sjølv.

– Det er moro å sjå kor fantastisk innsats barnehagepersonalet gjer for ungane i barnehagane. Grunnen til at mållaget reiser rundt til barnehagane med denne kampanjen er for å gje tips om korleis ein kan fokusere og jobbe med nynorsk som språk i barnehagen. Men me tar også med oss idear tilbake. Me ynskjer å lære av kvarandre slik at ein kan spreie kunnskapen, seier Kihl.

Godt utgangspunkt

Ved barnehagen i Øyfjell går det 27 barn, og leiar av oppvekstsenteret, Sindre Hestdalen, meiner dei er svært heldige sidan alle dei åtte tilsette i barnehagen snakkar dialekt og nynorsk.

– Me har eit godt utgangspunkt, smiler han.

Nestleiar og pedagogisk leiar ved barnehagen, Unni Kristensen, fortel at stort sett alt som blir lest for barna blir omsett til dialekt, sjølv om det er ei bok skriven på bokmål.

– Det er naturleg for oss å bruke dialekt. Me har barn i barnehagen som har foreldre som nyttar bokmål, men desse foreldra ynskjer at barna skal lære og bruke nynorsk og dialekt. Det er gledeleg, seier ho.

– Me får mange positive tilbakemeldingar på at me brukar dialekt og nynorsk konsekvent i barnehagen, seier pedagogisk leiar Grete Øien.

Artikkelen held fram under annonsen.

Klar, ferdig, syng

Tysdag vart barnehagebarna og dei tilsette samla inne i gymsalen for å høyre Olav Nordstoga fortelje eventyr.

– Nå skal de få høyre om geita i erteåkeren, sa Nordstoga til dei lyttande barna som kraup nærare og nærare forteljaren ettersom eventyret auka i spenning.

– Om ein bare veit kvar ein skal leite er det mykje bra skrive på nynorsk for barn. I denne kampanjen deler me ut materiell til tilsette i barnehagar, og til foreldra der me mellom anna informerer om kvar dei kan få tak i barnebøker på nynorsk og nettstadar retta mot barn på nynorsk. Mållaget har også laga eit song- og teiknehefte til barnehagebarna, fortel Jens Kihl, medan han pakkar ut gåver til barnehagebarna i Øyfjell.

Nøgde fjes smiler blidt då dei får teiknehefte, fargeblyantar, merke og ballong av nestleiaren i mållaget.

– Du vitjar to barnehagar i Vest-Telemark i dag, kva med alle dei andre barnehagane som også vil høyre om kampanjen til mållaget?

– Ta kontakt, eg kjem gjerne på besøk. Det er også mange lokallag i Telemark som jobbar med kampanjen som held fram til 2012. Så vil barnehagane ha besøk, så kjem me, smiler Kihl.

Du kan ikkje gje barn noko betre enn språk. Mat er viktig, men ord er nødvendige, uttalar barnebokforfattaren Erna Osland via kampanjen, og det kan me vel seie oss samde i.

Gode nynorsksider retta mot barn

www.tunkatten.no (forteljingar, lydbøker, nettspel og songbok)

Artikkelen held fram under annonsen.

www.blamannbok (nynorsk barnebokklubb)

www.nynorsksenteret.no/lesformeg (Nynorske animasjonsfilmar og bokstavleikar)

www.barneblad.no (Norsk barneblad)

www.pirion.no (kulturavis til tilsette i barnehagar og skular)

Noregs mållag

Skipa i 1906, men det fyrste lokale mållaget kom alt i 1868.

Over 10.000 medlemmer

Over 200 lokallag

18 fylkeslag

Artikkelen held fram under annonsen.

Medlamsavisa heiter Norsk Tidend, kjem fem gonger i året.

Eigen ungdomsorganisasjon: Norsk målungdom

1.400 medlemmer frå 14 til 30 år.

Kjelde: www.nm.no