Olav Nordstoga vaks opp med Vinjestoga som næraste nabo. – Besøkstala var jamt gode etter krigen, men har gått litt i bølgedalar. Aasmund Olavsson Vinje vil alltid vere aktuell, seier Nordstoga.

Livet med og ved Vinjestoga

Olav Nordstoga voks opp ved barndomsheimen til Aasmund Olavsson Vinje.

– Bror min og eg gjekk på skift annankvar dag. I slåtten var det ingen vaksne heime, og då kunne det bli nokre langtekkelege vakter. Me hadde inga opningstid, så det kunne kome folk anten tidleg om morgonen, eller seint om kvelden, minnest Nordstoga.

Han fortel at den fyrste gjesteboka er frå 1912. Då var det Margit Lofthus som var omvisar og seinare mannen hennar Sveinung.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Plassen vart skilt ut som eige bruk i 1890-åra og i 1904 overtok kommunen stova. Då kosta bondeungdomslaget i Oslo arbeidet med å setje i stand Vinjestoga, seier han.

Han fortel om ei stor interesse for barndomsheimen til Vinje etter krigen.

– Det kom folkehøgskular frå Danmark og mange ungdomslag frå heile landet. Det var særleg om våren, og ikkje berre i feriane, at dei kom. I åra etter krigen var det godt over tusen menneske innom i året, seier Nordstoga.

No er Vinjestoga grundig restaurert og klar for nye turiststraumar. Arbeidet vart ferdig like før påske.

Mange omvisarar

Han fortel at Tarjei Vesaas var svært oppteken av tilsynet med Vinjestoga.

– Tarjei Vesaas var med i tilsynstyret, og han var veldig interessert i Aasmund Olavsson Vinje. Han var ofte innom og såg til korleis det gjekk med omvisarane, fortel Nordstoga.

Det har vore mange omvisarar innom Vinjestoga gjennom åra og Nordstoga seier det i byrjinga var litt varierande kvalitet.

– Etter kvart kravde me å få plukke ut omvisarane sjølv. Det har vore mykje skuleungdom som har hatt sommarjobb her, men i dei siste åra er det Anne Romtveit som har vore der mest. Ho har gjort ein veldig god jobb, seier Nordstoga.

Artikkelen held fram under annonsen.

Samstundes er det ikkje alle besøkande som har visst like mykje om Vinje og Plassen.

– Nokon har kome her og spurd om det var her Ivar Aasen hadde budd. Halldis Moren Vesaas siterte ein gong Margit Lofthus som ein gong fortalde om ein turist som hadde gått forbi ein sykkel som sto parkert ved Vinjestoga. Då undra den besøkande på om det var sykkelen som Aasmund hadde bruka, humrar Nordstoga.

Etter som åra har gått og mang ein besøkande har vore innom og skrive namnet sitt i gjesteboka, er det mange som har kome att.

– Nokre skulle absolutt finne namnet sitt att i dei gamle gjestebøkene, då dei meinte dei hadde vore her for 30 år sidan. Elles kan ein finne mange kjende namn i dei eldste gjestebøkene. Her er det mange namn på dei som sto på barrikadane for nynorsken, held han fram.

Aktuell diktar

– Eg var kanskje ikkje så begeistra for Vinje då eg som ung var omvisar, men vart særs interessert i han då eg vart eldre. Han er ein veldig aktuell forfattar.

Kommenterande journalistikk var det ikkje mange som dreiv med på hans si tid, seier Nordstoga.

– Han hadde også synspunkt som har blitt moderne i dag. Til dømes synet på skogen. Han såg på skogen som noko ein ikkje eig, men noko ein skal take vare på til dei som kjem etter. Det var radikalt å meine på den tida, fortel Nordstoga.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Han fordømde uthogst. Det vil seie at ein sel heile skogen og legg alt snautt. Han var for plukkhogst, held han fram.

– Eg vil understreke at han i høgste grad er leseverdig i dag. Diktinga hans er blitt folkeeige, og i prosaen hans er det mykje som er godt tenkt, og godt sagt, avsluttar Nordstoga.