Før avreise fekk Line Skori hjelp av sonen Åsmund med å pakke tre store koffertar med donasjonar og tøybind til kvinner i Burundi.

Line reiste til verdas fattigaste land for å hjelpe kvinner

Akkurat nå, medan du kanskje sit i ei varm stove, med kaffikoppen og les avisa, har Line Skori frå Seljord kome heim frå Burundi. Eit land der kvinner ikkje har dei rettane som finst i Norge. Og det var det som fekk Line til å engasjere seg i prosjektet Association Mpore Mama.

18. november var tre store koffertar pakka klare. Ein reiseklar seljording sa ha det bra til sonen Åsmund og sambuaren Håkon. Flyet letta frå Gardermoen med Afrika som reisemål. Men bakgrunnen for reisa starta for ei god stund sidan.

Line Skori har vore aktiv i eit berenettverk i Norge, om ulike måtar ein kan bere babyar og barn knytt til kroppen. I Seljord var ho ein av initiativtakarane til beretreff.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Via grupper på nettet vart eg kjend med Aisha Bigset som er busett i Steinkjer. Og slik fekk eg også høyre om prosjektet ho har starta under organisasjonen Association Mpore Mama.

Aisha kom til Norge som flyktning for sytten år sidan. Ho er fødd i Burundi, men budde i ein flyktningleir i Tanzania i mange år.

– Då Aisha spurde om eg ville vere med å arbeide for prosjektet sa eg sjølvsagt ja, for detta er verkeleg eit prosjekt eg brenn for, seier Line.

Organisasjonen syter for at kvinner får kurs i tema som hygiene og korleis ein kan bruke tøybind.
Tidlegare i haust møtte Aisha Bigset (t.v.) og Line Skori kvarandre for fyrste gong, og planen om å reise saman til Burundi vart spikra.
Her ser ein arbeidet med å sy tøybind på systova organisasjonen har starta i Burundi, det vesle landet i sentral Afrika ved sida av Rwanda, Kongo og Tanzania.

– Aisha har vore tilbake til Burundi to gonger etter at ho blei vaksen, og ho har sett at det er mange som ikkje har det bra der, og ynskte spesielt å hjelpe kvinnene, seier Line.

Seljordingen vart også engasjert i kvinnesaka. I Burundi må mellom anna mange jenter droppe ut av skulen når dei får menstruasjon, og kvinnene kan ikkje arbeide, dei isolerer seg.

– Menstruasjon er eit stort tabu og kvinnene har ikkje råd til hygieniske artiklar. Slik starta også ideen om å produsere tøybind til kvinnene, seier Line.

Kvinnehelse i fokus

– Tidlegare i år samla Aisha inn 50 000 kroner i prosjektet via ulike spleisar og innsamlingar som vart formidla via sosiale medium. Ho reiste til bestemor si i Burundi i sommar for å dele ut bind og hadde kurs om hygiene og korleis ein skal bruke tøybind. Aisha delte ut 500 bind til om lag 100 jenter og kvinner. Ho var også innom ei systove som me nå samarbeider med, fortel Line.

Seljordingen hadde tilbod om å bli med til Burundi i sommar også, men måtte spare pengar til reisa fyrst.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me betalar reisa sjølv, så det var fint å få litt meir tid slik at eg kunne bli med på den neste turen ned, seier ho.

Oppdaterer

– Me synest det er viktig å vise gjevarane og dei som støttar prosjektet kva pengane går til og at me er opptekne av å støtte mest mogleg lokalt både med innkjøp av varer og produksjon. Eg kjenner til andre prosjekt der ein berre sender tøybind frå Noreg, men me ynskjer også ein lokal produksjon slik at ein skaper arbeidsplassar, seier Line.

Ho er oppteken av at dei hjelper menneska der dei er.

– Det er også difor me starta systova, som me i framtida håpar me kan kjøpe eit eige bygg til, og ha fleire tilsette ved. Me ynskjer også at systova skal bli ein møtestad der kvinner kan kome for å få informasjon. Me har to syersker som syr bind, og me har også lokal hjelp som kartlegg kvar det er størst behov for hjelp eller ein treng halde kurs. Me har også vore heldige og fått gode avtalar med norske forhandlarar av det utstyret me ikkje får tak i der nede.

Betaler for kunnskap

Line fortel at kvinnene som deltek på kurs i regi av prosjektet får betalt transport til kurset og mat.

– Dei får også ei startpakke med fem bind, ein våtpose og eit såpestykke. Kurset handlar om bruk av tøybind, hygiene og prevensjon, fortel ho.

Line fortel at prosjektet har fått mykje støtte og mange donasjonar frå heile landet. Berre i haust kom det inn 60 000 kroner på ein spleis dei laga på internett. Lokalt er det også fleire næringsaktørar som har donert både stoff og knappar som blei med til systova på denne turen.

Seljordingen håpar det blir fleire turar til Burundi i framtida for å fylgje prosjektet, og drøymer om at ein kanskje kan starte ei type ordning med høve til å gje faste bidrag slik at produksjonen på den lokale systova kan gå jamt.

Artikkelen held fram under annonsen.

– I 2017 blei Burundi rangert som verdas fattigaste land, og mange har i dag ikkje råd til hygieneartiklar. Me ser at kvar krone tel. Om alle bidreg bitte litt, kan ein gjere store endringar saman for kvinnene me har høve til å hjelpe. Aisha og eg har klart å samle inn 70 000 kroner til saman i prosjektet sidan i sommar, og det viser at det er mogleg å gjere ein forskjell for nokon. Den aller største draumen min er å fjerne tabuet om mensen – men det er nok ikkje så lett, seier Line.

tone.tveit@vtb.no