Kommunestyret i Tokke vedtok tysdag å leggje ned alderspensjonatet i Lårdal med 15 mot 6 stemmer.
Kommunestyret i Tokke vedtok tysdag å leggje ned alderspensjonatet i Lårdal med 15 mot 6 stemmer.

La ned alderspensjonatet

Omsorgsetaten i Tokke skal spare inn 2,6 millionar kroner i 2013. Tysdag la kommunestyret ned drifta ved Lårdal alderspensjonat som ein del av innsparinga. Konstituert rådmann i Tokke, Brit Houge, meiner kommunen ikkje har ei sunn drift og at det ikkje La ned alderspensjonatet halde fram.

Rådmannen i Tokke, Brit Houge, tilrådde kommunestyret å leggje ned Lårdal alderspensjonat. Nedlegginga av pensjonatet vil gje kommunen ei innsparing på 1,1 million kroner, i fylgje administrasjonen sine utrekningar.

Ynskte ei gradvis utfasing

I kommunestyret var det bare Senterpartiet som motsette seg ei nedlegging av pensjonatet. Birgit Johanne K. Olsnes (Sp) la fram eit forslag til vedtak om å la drifta ved alderspensjonatet bli gradvis fasa naturleg ut i staden for å leggje ned.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Nedlegging av pensjonatet inneber tvangsflytting av bebuarane. Det vil eg ikkje vera med på. Det er viktig med eit tilbod der brukarane bur, sa Olsnes.

Alderspensjonatet i Lårdal har i dag 4 bebuarar, og på pensjonatet er alle imot å leggje ned drifta, i fylgje sakspapira.

Varaordførar Kjell Magne Grave meinte at forslaget til Senterpartiet kunne virke forlokkande, men at det ikkje var eit innsparingsforslag.

– Kva gjer me om det plutseleg sit att ein bebuar der? Me sparar ikkje pengar då. Den ubehaglege avgjersla må me ta i dag, sa Grave.

Hardt framover

Ordførar i Tokke, Hilde Alice Vågslid (Ap), tok òg til orde for å leggje ned pensjonatet.

– Det er ingen som syns dette er artig, men ein må prioritere. Neste år må kommunen spare inn minimum 7,5 millionar kroner. Flest mogeleg skal ha best mogeleg omsorg i Tokke. Er det då rett å ha to pensjonat som er halvfulle? Det grepet som smertar minst er å leggje ned eitt av alderspensjonata. Eg trur eg dessverre kan lova at dette ikkje blir den siste prioriteringa me må ta i haust, sa Vågslid.

Tone Sofie D. Solvang frå Senterpartiet gav utrykk for at ho meinte det ikkje alltid har vore innsparing og nøysemd som har prega vedtaka frå kommunestyret gjennom dette året.

– Det blir snakka om innsparingar og budsjett, og det skjer om hausten. Eg har lyst til å minne kommunestyret om at me må tenkje økonomi gjennom heile året og ikkje bare om hausten, sa Solvang.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kommunestyret vedtok å leggje ned alderspensjonatet i Lårdal med 15 mot 6 stemmer.