Sissel Åkre frå Valle, Berit Junge Henriksen frå Valle og Lisbeth Dalquist Homme frå Valle
Sissel Åkre frå Valle, Berit Junge Henriksen frå Valle og Lisbeth Dalquist Homme frå Valle

Kva betyr Aasmund Olavsson Vinje for deg?

Sissel Åkre frå Valle, Berit Junge Henriksen frå Valle og Lisbeth Dalquist Homme frå ValleJorid Svalastog frå Rauland og Eystein Matheussen Rauland/Finnmark

– Han er ein stor del av barndomen. Me har jo lært så mykje om han. Han var liksom ein del av det norske, han, seier Åkre.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Ja, han er rett og slett ein kulturskatt, stemmer Henriksen i.

– Og så må me seie at det var ein fantastisk konsert istad. Ein treng verkeleg ikkje reise til Oslo for å oppleve slike store ting, seier Homme.

– Eg kjenner ikkje så veldig til Vinje, men synest konserten med Det Norske Kammerorkester, Aasmund Nordstoga og Åsmund Reistad var heilt fantastisk. Det var mest på grunn av dei at eg ville hit, seier Matheussen.

Jorid Svalastog frå Rauland og Eystein Matheussen Rauland/Finnmark
Jorid Svalastog frå Rauland og Eystein Matheussen Rauland/Finnmark

– Eg er einig. Og så har eg veldig sansen for tvisynet hans, seier Svalastog.