Barna synest det var spennande å høyre kunstnar Knut Flatin fortelje om korleis han arbeidde med fargar og teknikkar. (Båe foto privat)
Barna synest det var spennande å høyre kunstnar Knut Flatin fortelje om korleis han arbeidde med fargar og teknikkar. (Båe foto privat)

Kunstnarbesøk på barnehagedagen

Det vart eit fargerikt og kreativt besøk då biletkunstnar Knut Flatin frå Kviteseid tok turen innom barna på Brunkeberg oppvekstsenter.

13. mars vart den årvisse barnehagedagen markert ved Brunkeberg oppvekstsenter i Kviteseid, og barna på avdeling Tyttebær fekk fremja estetiske uttrykk. 

Temaet for årets barnehagedag var fagområda kunst, kultur og kreativitet med slagordet «La meg skape». 

Artikkelen held fram under annonsen.

På barnehagedagen ynskte personalet å gje barna inspirasjon gjennom ulike materiale, samt at dei inviterte målar og grafikar Knut Flatin. 

Flatin introduserte eigne måleri og ulike teknikkar ein kan arbeide med. Etterpå vart barna delt i grupper og stasjonar med alt frå klypp og lim til å forme masker, lage trolldeigfigurar eller måle på staffeli.

Ivrige barnehender forma og skapte mange flotte arbeid som vart stilt ut i barnehagen.  