- Eg frydar meg over det spennande materialet og dei gode planane som ligg til grunn for Vinje-senteret og gler meg til å koma i gang, seier den nytilsette leiaren for Vinje-senteret, Kristian W. Rantala (35).
- Eg frydar meg over det spennande materialet og dei gode planane som ligg til grunn for Vinje-senteret og gler meg til å koma i gang, seier den nytilsette leiaren for Vinje-senteret, Kristian W. Rantala (35).

Kristian W. Rantala blir sjef for Vinje-senteret

Kristian W. Rantala (35) frå Bø i Telemark blir dagleg leiar for det nye Vinje-senteret for dikting og journalistikk i Vinje i Telemark. 

Rantala arbeider i dag som arrangements- og marknadssjef ved Gullbring Kulturanlegg i Bø.

– Eg er svært takksam for tilliten Nynorsk kultursentrum har gitt meg, seier Rantala, som er handplukka til å leia Vinje-senteret.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det nye senteret som er under etablering i Vinje i Telemark er tenkt som eit museum for dikting og journalistikk. Senteret blir ei ny driftseining i Nynorsk kultursentrum på linje med Hauge-senteret i Ulvik og Aasen-tunet i Ørsta. Det skal fylla hovudetasjen i nedlagde Vinje skule, som skal byggjast om. I tillegg skal det reisast ein ny kontorfløy. Vinje-senteret blir på 700 kvadratmeter inkludert fellesareal med Vinjar samfunnshus vegg i vegg.

Overbevist av Grepstad

Til saman har over tretti personar vore kontakta eller vurderte til stillinga som dagleg leiar. Etter at det melde seg for få søkjarar då stillinga blei lyst ut for vel eit halvt år sidan, har Nynorsk kultursentrum etter kvart fått hjelp av rekrutteringsselskapet Hodejegerne i Oslo til å leita etter den personen som er best eigna.

– Vi tok den tida vi trong og fann den rette, seier direktør Ottar Grepstad i Nynorsk kultursentrum om tilsetjinga av Rantala

Sjølv seier den nytilsette leiaren at det var entusiasmen til Grepstad som gjorde at han takka ja til stillinga.

– Den heilt konkrete grunnen til at eg sa ja var at Ottar Grepstad overbeviste meg med engasjementet sitt. Då han fortalde kva Vinje-senteret skulle vera, forstod eg det, og då blei det veldig lett å takka ja, seier Rantala til Nynorsk pressekontor.

Han fortel at det han tente mest på var tankane om å setja søkjelys på historia, sjå samtida i lys av fortida og stilla spørsmål om aktuelle tema.

Vand med kulturformidling

Sjølv om dikting og journalistikk skal stå i høgsetet i det nye senteret, er den nytilsette leiaren klar på at det nok ikkje er røynslene hans på desse områda som gjer at han fekk jobben.

– Det er nok meir fordi eg har mykje erfaring med å gjennomføra arrangement og drifta andre kulturtiltak som dreier seg om det å formidla, seier han.

Artikkelen held fram under annonsen.

Rantala har mellom anna vore produsent for Det Norske Kammerorkester og Oslo Solistkor. Han har også vore dagleg leiar for Viser ved kanalen i Lunde i Telemark og hatt fleire verv i kulturlivet. Lista over slike verv inkluderer mellom anna nestleiar i Telemarksfestivalen frå 2013.

Vil trekkja veksla mellom kunstgreiner

– Korleis går kammermusikk og viser saman med dikting og journalistikk?

– Musikk, kunst og kultur høyrer saman. For meg blir det viktig å ikkje isolera det frå kvarandre. Det å trekkja trådar mellom dei ulike kunstgreinene trur eg blir viktig også for Vinje-senteret, seier Rantala.

Han meiner synest oppblomstringa av litteraturfestivalar rundt om i landet har vist at det går an å formidla og oppleva litteratur på nye måtar. Det å setja ting inn i ein sosial kontekst trur han blir viktig både når ein skal formidla dikting og journalistikk.

I tillegg til brei praktisk kulturformidling har Kristian W. Rantala også studert kulturformidling og har master i kulturstudium.

Gler seg til å ta fatt

Den nytilsette leiaren tek til i stillinga 8. januar neste år. Han gler seg til å ta fatt. Aller mest ser han fram til senteret er fysisk ferdig og til å realisera den abstrakte tanken det no er.

Når senteret kan opnast kjem an på finansieringa vidare. I prosjektskissa for senteret heiter det at det truleg vil kosta inntil 24 millionar kroner å byggja Vinje-senteret. I tillegg kjem mellom anna utgifter til utstillingar og drift. Ifylgje prosjektskissa vil basisutstillinga truleg kosta 6,1 millionar, medan det er lagt opp til at driftsutgiftene vil auka frå 2,6 millionar til 6,0 millionar i ein fireårsperiode til senteret kjem i full drift.

Nynorsk kultursentrum skriv i ei pressemelding at dei arbeider med å få på plass finansiering for både investeringar og drift.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Vi vonar løyvingane frå stat, fylke og kommune blir slik i 2018 at opptrappinga av Vinje-senteret kan halda fram, seier Grepstad.

Han lovar likevel at det allereie no ventar store oppgåver for den nytilsette.

– Om eit år skal utstillingsplanen for Vinje-senteret vera klar, eit kulturprogram for 2018 skal planleggjast og arbeidet med program for Litteraturdagane i Vinje august 2018 tek snart til.